Ny mannskapsforlegning på Setermoen

Forsvarsbygg har underskrive ein kontrakt med Bjørn Bygg AS om oppføring av ein ny mannskapsforlegning på Setermoen. Det er planlagt oppstart i løpet av våren.

Med den nye mannskapsforlegningen vil ein ha dei forlegningane Setermoen treng inne i leiren. Plasseringa saman med dei andre mannskapsforlegningane i Kavalerileiren gjer at alle soldatane heretter kan bu sentralt i leiren med kort veg til idrett, messe, velferd og andre tilbod. Dette er òg ein del av prosessen med å utvikle Artillerileiren til eit meir reindyrka buområde for befal og familiane deira.

Forlegningen skal ha 192 sengeplassar i seksmannsrom med bad i tilknyting til kvart rom. Dessutan skal det byggjast rom for vekehavande soldat og inspiserande befal i tillegg til TV-stove, buer, tørkerom, pusserom og tekniske rom. Mannskapsforlegningen skal stette krava til energiklasse B.

Etter planen skal forlegningen vere klar til å takast i bruk før jul neste år.

Det var fire leverandørar som leverte tilbod på bygginga. Bjørn Bygg AS hadde den lågaste prisen, og vann konkurransen med sitt tilbod på vel 45,5 millionar kroner.

- Med ein ny mannskapsforlegning inne i leiren blir arbeidstilhøva for soldatane i Setermoen leir meir kompakte og føremålstenlege, seier Hårek Elvenes i Forsvarsbygg.

 

Bilettekst:
Regionsjef Hårek Elvenes i Forsvarsbygg (f.v.) skreiv under kontrakten med adm.dir. Arild Østgård i Bjørn Bygg om bygging av ny mannskapsforlegning på Setermoen

Kart