Revolusjonerande bygg opna på Haakonsvern

Det nye administrasjonsbygget Galeien vart opna på Haakonsvern tysdag. Galeien er det første byggeprosjektet i forsvarssektoren som heilt og fullt er prosjektert og bygd etter det såkalla buildingSMART-konseptet.

Sjå utfyllande bilettekster frå opninga nederst i artikkelen.

Då prosjektet tok til i 2007, vart det bestemt at dette skulle bli Forsvarsbyggs første byggeprosjekt som skulle nytte buildingSMART-konseptet. No, fem år etter at dei første digitale skissene flimra over skjermane, er den 2000 kvadratmeter store bygningen i full drift.

- Galeien kan tilsynelatande sjå ut som eit heilt vanleg kontorbygg. Men for Forsvarsbygg og forsvarssektoren er dette ein revolusjonerande bygning. Denne måten å bygge på representerer ei ny tid i eigedomsbransjen. Galeien er det første bygget i forsvarssektoren, og blant dei første Noreg, som er prosjektert og bygd etter buildingSMART-konseptet, seier Sjursen. 

Kollisjonstesting
BuildingSMART inneber enkelt sagt at bygningen byggast og simulerast i ein digital tredimensjonal modell før byggeperioden startar. Modellen av Galeien blei brukt til å kontrollere om huset var byggbart og for å effektivisere informasjonsflyten i byggeprosjektet. Mellom anna vart bygningen kollisjonstesta digitalt på dataskjermen før ein tok til med sjølve byggeperioden.

- BuildingSMART betyr auka førehandskunnskap for brukarane, langt færre byggefeil, meir effektiv bruk av tid og på sikt også lågare byggekostnadar, seier regionsjef i Forsvarsbygg, Bjørn Tore Rognstad.

Då byggeprosjektet var ferdig, vart modellen av bygningen overlevert, og fungerer no som ei digital opplagsbok når det vert behov for vedlikehald og utskiftingar.

Viktig erfaring
Forsvarsbygg har sett mål om å være førande i utviklinga av buildingSMART i eigedomsbransjen. Stadig fleire byggeprosjekt i Forsvarsbygg nyttar buildingSMART.
- Erfaringane frå Galeien er sjølvsagt sentrale i vårt vidare arbeid med buildingSMART, seier Sjursen.

Galeien vil samle Kysteskadren sine stabar på småfartøya på ein stad. I tillegg skal ei avdeling i Forsvarets logistikkorganisasjon vere lokalisert her. Forsvarsbygg vil stå for forvaltning, drift og vedlikehald av bygget. Total prosjektkostnad er om lag 80 millionar kroner. Rambøll Norge AS har vore arkitekt.

Bilettekster:
(1) Eit namneutval gav bygninga namnet Galeien i fjor. - Tradisjonelt har "galei" vore ord for mindre båtar som er drivne av årer eller segl. Difor passar dette namnet så godt til dette bygget då det nettopp er stabane til småfartøya som er samla her, seier flaggkommandør og Sjef Kysteskadren, Henning Amundsen.

(2) Snoren vart høgtidelig klipt. Frå ventre: orlogskaptein Thorvald Dahll, generalinspektør for Sjøforsvaret kontreadmiral Bernt Grimstvedt, administrerande direktør i Forsvarsbygg Frode Sjursen og bak regionsjef i Forsvarsbygg Bjørn Tore Rognstad.

(3) Ein symbolsk nøkkel blei overrekt frå Forsvarsbygg ved Sjursen (th) til Sjøforsvaret ved generalinspektør Grimstvedt (tv).

(4) Nærbilete av nøkkelen. Messingskiltet er laga av A2G AS.

(5) Forsvarets musikkorps Vestlandet sette ei mykje flott ramme på arrangementet.

(6) Det vart også tid til omvisning i Galeien. Frå venstre: Sjef Kysteskadren flaggkommandør Henning Amundsen, brukarkoordinator i prosjektet orlogskaptein Tom Engeberg, Generalinspektør for Sjøforsvaret kontreadmiral Bernt Grimstvedt og administrerande direktør i Forsvarsbygg Frode Sjursen.

Alle foto: Åsmund V. Sjursen/ Forsvarsbygg.

Fakta om prosjektet:
2000 kvadratmeter
3 etasjar
En heis
90 kontorplassar
Konstruksjonar i stål og betong
Høg garderobekapasitet
Støyisolert fasade
Klargjord for påbygg av ein ekstra etasje
Total prosjektkostnad på ca. 80 millionar kroner

Prosjektorganisasjon:
Byggherre: Forsvarsbygg
Brukar: Sjøforsvaret v/ Kysteskadren og Forsvarets logistikkorganisasjon
Arkitekt: Rambøll Norge AS
Hovudentreprise: Veidekke
Ventilasjon: GK Norge
Elektroarbeid og VVS: YiT AS

Faggruppe buildingSMART:
Forsvarsbygg
SINTEF Byggforsk
Data design system ASA
Standard Norge