Støytiltak på Ørland starta opp

Forsvarsbygg er i gang med støytiltak på dei fyrste bustadane kring Ørland flystasjon.

Forsvarsbygg er ansvarleg for oppfylging av føresegnene i reguleringsplanen for Ørland flystasjon, og fleire hundre bustadar i området kring Ørland flystasjon vil få tilbod om støyreduserande tiltak som fylgje av utbygginga av flystasjonen for dei nye F-35-kampflya.

380 bustadar med synfaring
Kva for bustadar som får tiltak er omtale i reguleringsfråsegnene, og avgjerast etter synfaringar og beregninger gjennomført av Multiconsult på vegne av Forsvarsbygg. Til no  har 380 bustadar fått synfaring og synfaringane vil halde fram ut 2017 og i 2018.

19 fyrste bustader med tiltak
Dei pågåande støytiltaka blir utføre av Sandefjord-verksemda Byggmester Strand som Forsvarsbygg i haust inngjekk avtale med for dei 19 fyrste bustadane. Arbeid med støyreduserande tiltak for desse bustadane blei satt i gang i januar. 6 bustadar har fram til i dag fått påstarta sine tiltak.

Tiltak på vindauge, veggar og eller tak
Aktuelle støyreduserande tiltak kan vere utskifting av ventiler og/eller vindauge i nokre eller alle rom med støysårbar bruk (opphaldsrom). Det kan også bli behov for å gjere tiltak på veggar og/eller tak. Tiltaka vil variere og bli tilpassa kvar enkelt bustad for å fylgje reguleringsfråsegnene.

I rute
- I tråd med reguleringsfråsegnene skal prosessen med støyisoleringstiltak vere avslutta ved utgangen av 2019, og dette ligg vi så langt an til å nå, seier Olaf Dobloug, direktør i Forsvarsbygg kampflybase.

Fleire tilbodskonkurransar
Byggmester Strand er entreprenør for den fyrste gruppa bustadar. Arbeid med tiltak på den neste gruppa er kunngjere på innkjøpsportalen Doffin med frist 8. februar. Denne anbodskonkurransen er den andre av totalt 20-30 uavhengige konkurransar. Sjå Doffin for meir informasjon om alle desse konkurransane.  

Les meir om innløysing og støyreduserande tiltak knytt til utbygginga av kampflybasen på Ørland her.