Vi som jobbar i Forsvarsbygg, er bevisste på at verksemda vår er sett til å forvalte fellesskapet sine ressursar. Gjennom dei tenestene vi leverer, gir vi eit viktig bidrag til Forsvaret. Samtidig er mange lokalsamfunn prega av aktivitetane våre. Vi er ein stor innkjøpar av varer og tenester, noko som i mange tilfelle er med på å bidra sterkt til det lokale servicetilbodet på dei stadene vi er representerte.