Etikk i Forsvarsbygg

Forsvarsbygg er ei verdiorientert verksemd. Den etiske plattforma vår reflekterer kjerneverdiane fokusert, nytenkjande, heilskapleg mangfald og gjensidig tillit og respekt.

Det etiske regelsettet vårt har som mål å etablere ei felles etisk og haldningsmessig plattform blant våre eigne tilsette og samarbeidspartnarane våre. Det er forventa at alle utviser eit godt skjønn og fagleg integritet. Ein avgjerande suksessfaktor er at Forsvaret og samfunnet har tillit til Forsvarsbygg og ser på oss som profesjonelle. Omdømmet vårt står og fell på om den enkelte av oss utøver riktige haldningar i kvardagen. Etiske overtramp og feilvurderingar kan raskt bryte ned ein tillit som det tek svært lang tid å byggje opp igjen.

Alle tilsette får kjennskap til den etiske plattforma. Det er òg forventa at den etiske plattforma vår er kjend blant samarbeidspartnarane våre. La samarbeidet med Forsvarsbygg vere ein viktig arena for god etisk og haldningsmessig framferd som eksempel til etterfølging.

God framferd i Forsvarsbygg
– Ei rettleiing for å handtere etiske og haldningsmessige utfordringar i kvardagen

Generelt
Målet med dette dokumentet er å etablere ei felles etisk og haldningsmessig plattform, slik at alle tilsette veit kva framferd som er forventa av dei. Samtidig er det verken ønskjeleg eller mogleg å detaljregulere framferda til den enkelte i alle samanhengar. Dokumentet er såleis meint å gi tilvising til ønskte vurderingar for ein del etiske problemstillingar som tilsette i Forsvarsbygg vil komme borti i profesjonsutøvinga si. Samtidig skal dei skape eit grunnlag for intern dialog om kva som er akseptabel framferd, og kva som ikkje er det.

I retningslinjene (vedlagde) er det omtalt ein del situasjonar som tilsette kan komme borti. Oppstår det situasjonar du er usikker på handteringa av, bør du diskutere dette med ein kollega eller leiaren din. Å vere open er i mange tilfelle det viktigaste for å unngå mistanke om uheldig samanblanding av private og profesjonelle interesser.

Dokumentet er ei presisering/utdjuping av dei etiske retningslinjene for statstenesta og dei etiske grunnreglane for forsvarssektoren. Dokumentet er òg ein integrert del av  "Handlingsplan for holdninger, etikk og ledelse" som gjeld for forsvarssektoren, og i samsvar med Forsvarsdepartementets etiske retningslinjer for næringslivskontakt i forsvarssektoren. Vi viser og til Anskaffelsesregelverket for forsvarssektoren, særmerkt pkt. 1.8 og 1.9.


Rolla vår
Forsvarsbygg (FB) er ein forvaltningsetat. FB utøver eigarrolla for Forsvarets eigedommar, bygg og anlegg (EBA) på vegner av Staten ved Forsvarsdepartementet og forvaltar dei statlege eigedommane som Forsvaret disponerer. Det er forventa av oss at vi i størst mogleg grad skal drive verksemda vår etter forretningsmessige prinsipp, samtidig som vi er ein del av staten og derfor må ha stor forståing for at vi forvaltar ressursane til fellesskapet. Som leverandør av EBA til Forsvaret er vi avhengige av at alle tilsette utviser eit godt skjønn og fagleg integritet i alle samanhengar. Ein avgjerande suksessfaktor er at Forsvaret og samfunnet elles har tillit til oss og ser på oss som profesjonelle. Etiske overtramp og feilvurderingar kan raskt bryte ned ein tillit som det tek svært lang tid å byggje opp igjen.

God framferd i Forsvarsbygg – ei utdjuping
Eit ope og godt arbeidsmiljø stimulerer til refleksjon, diskusjon og legg til rette for at avgjerdene våre støttar opp om verdiane og funksjonen vår. Vi skal gjere vårt yttarste for å ta viktige samfunnsomsyn, samtidig som vi oppfyller forretningsmessige krav. Vi skal drive eit kommunikasjonsarbeid basert på å vere opne og bidra til å auke kunnskapen og merksemda om Forsvarsbyggs viktige rolle både innan bransjen, på miljøsida og som samfunnsaktør. God framferd i Forsvarsbygg skaper tillit hos både eigar, kundar, eigne medarbeidarar og i samfunnet generelt. Vårt omdømme står og fell på om den enkelte av oss utøver riktige haldningar i kvardagen i tråd med behova til verksemda.

Gode vurderingar
Rettleiinga skal gi alle tilsette og andre som representerer verksemda, eit grunnlag for å gjere gode vurderingar som fører fram til riktige avgjerder. Sjølvsagt skal vi følgje gjeldande lover og reglar. Samtidig må vi vere klar over at mistanke om regelbrot eller uetiske handlingar ofte kan vere like skadelege for oss som eit direkte brot. Vi må vere bevisste på korleis handlingane våre kan opplevast utanfrå, og dermed unngå at Forsvarsbyggs omdømme blir skadd.

Det gode føredøme
Leiarar på alle nivå i Forsvarsbygg har eit særleg ansvar for å framstå som gode rollemodellar. Leiaren skal dyrke fram gode haldningar og god framferd blant kollegaene. Leiaren skal gjere rettslege og etiske grenser kjende og sjølv opptre i samsvar med ønskt framferd. Leiaren skal reagere tydeleg ved uønskt framferd. Alle kollegaer har likevel eit sjølvstendig ansvar for å vurdere handlingane sine opp mot FBs etiske plattform.

Verdiane våre
Forsvarsbygg er ei verdiorientert verksemd. Kjerneverdiane våre – fokusert, nytenkjande, heilskapleg mangfald og gjensidig tillit og respekt – skal prege den daglege framferda vår. Vi er representerte over heile landet og har eit ansvar for både kundar, tilsette og det ytre miljøet.

Ved å arbeide fokusert klarer vi å prestere godt og riktig. Vi arbeider målretta for å tilfredsstille behova kunden har. Vi skal førebu oss godt til kvar oppgåve og opptre rettferdig overfor samarbeidspartnarane våre. Vi skal verdsetje andre sine prestasjonar. Fokuset skal vere på kunden og kollegaer, ikkje på oss sjølve.

Gjensidig tillit og respekt er viktige føresetnader for å kunne jobbe smart og effektivt. Alle i organisasjonen er like viktige for at vi som heilskap skal fungere godt. Vi må setje oss inn i kvardagen til kvarandre og lære å kjenne kompetansen og ferdigheitene til dei andre. Organisasjonen fungerer best når alle er med fullt ut. Ein kjem ikkje til målet ved å framheve kor framifrå ein sjølv er samanlikna med andre.

For å kunne levere kundetilpassa tenester må vi våge å tenkje nytt. Vi må lytte til gode idear, utforske moglegheiter for å finne dei beste løysingane og utfordre faglege grenser. Nytenking og kreativitet krev openheit og må skje innanfor fastsette økonomiske rammer og med eit forsvarleg risikonivå.

Vi skal dyrke spesialitetane våre, men samtidig sørgje for å opptre heilskapleg. Vi skal aktivt søkje råd hos kvarandre for å nå målet på best mogleg måte. Oppdragsgivarane våre skal oppleve eit integrert Forsvarsbygg i ord og handling. Gled deg over suksessen til dei andre så vel som din eigen.

Relasjonar
Tilsette i Forsvarsbygg har i varierande grad relasjonar til firma, fagmiljø og enkeltpersonar utanfor verksemda. Slike relasjonar er både ønskjelege og nødvendige for at Forsvarsbygg skal kunne utvikle seg, og for å oppnå best moglege resultat, både økonomisk og fagleg.

Relasjonsbygging krev stor aktsemd, som tilsette skal vi vere lojale mot Forsvarsbygg. I ei rekkje saker har vi teieplikt om forhold vi har fått kjennskap til. Samtidig blir det stilt krav om at leverandørane våre har lik tilgang på informasjon om oppdrag og prosjekt som skal setjast i gang.

Tette band til leverandørar kan òg skape grobotn for mistanke om forskjellbehandling eller i verste fall smørjing og korrupsjon. Ein må derfor vere varsam i omgangen med leverandører, det er særleg viktig å ikkje ta imot gåver, penger eller invitasjonar til arrangement/turar. Det er spesielt viktig å ikkje ta imot noko som vil bli sett på som å vere eigna til å påverke avgjerdene våre. Privat omgang med leverandørar krev at ein er bevisst.

Som leverandør må vi òg vere bevisste på handteringa av våre eigne kundar. Samtidig som vi skal drive god og naturleg kundepleie, skal vi vere varsame, slik at vi ikkje set kundane våre i ein situasjon der det kan sjå ut som om dei bryt eigne etiske normer.

Alle tilsette er omfatta av habilitetsreglar. Vi må vere aktsame dersom vi har å gjere med saker som vedkjem familie, slekt, venner eller andre relasjonar, og som er eigna til setje spørjeteikn ved habiliteten vår.

Ver merksam på interessekonfliktar som kan oppstå i samband med jobbskifte – både når tilsette sluttar i Forsvarsbygg og begynner å jobbe hos leverandørar til oss, og når tilsette hos leverandørar begynner hos oss. Desse kan i somme tilfelle vere omfatta av karantenebestemmingar.

Medarbeidarar
Alle i organisasjonen er like viktige for at vi som heilskap skal fungere godt. Vi skal arbeide for å ha ein personalpolitikk som veit å setje pris på kompetansen, ferdigheitene og innsatsen til den enkelte. Personalpolitikken skal opplevast rettferdig sjølv med sakleg forskjellsbehandling. Alle skal ha tilfredsstillande arbeidsforhold og formålstenleg verktøy/utstyr. Tilsette skal få likt utstyr for likt behov uavhengig av nivå i verksemda. Eit respektfullt forhold til kollegaer er kjenneteikna av at alle er opne og inkluderande, og at vi snakkar med og ikkje om kvarandre.

Andre kulturar
Vi skal lære av kompetansen som finst i andre kulturar. Medarbeidarar som representerer Forsvarsbygg utanfor Noregs grenser, pliktar å rette seg etter lovverket til besøkslandet og å følgje dei retningslinjene som er nedfelte internt for slike utanlandsopphald.

Rapportering
Forsvarsbygg ønskjer at tilsette skal melde frå om handlingar som ser ut til å bryte med dei etiske retningslinjene. Leiarar må støtte opp om tilsette som melder frå, slik at dei opplever det som trygt, og at ein kan gjennomgå handlinga med gjensidig tillit og respekt. Kvar leiar i Forsvarsbygg pliktar å ta opp forhold han er gjord kjend med, med personen det gjeld. Gjennom slik openheit er det eit særleg ansvar for alle å opptre forsvarleg. Det er ikkje angiveri å seie frå om regelbrot og uetisk framferd.

Det er ønskjeleg at dynamikken på arbeidsplassen kan vere slik at vi som kollegaer kan hjelpe kvarandre med riktig framferd og kunne snakke med kvarandre om uønskte hendingar for å lære for framtida. Tilsette som ønskjer å melde frå om moglege kritikkverdige forhold, eller som ønskjer å diskutere eit etisk dilemma, skal i utgangspunktet vende seg til nærmaste føresett. Dersom dette ikkje blir opplevd som tilstrekkeleg eller leiaren sjølv er ein del av utfordringa, kan forholdet takast opp med internkontrollressursen ved eininga der vedkommande jobbar. Blir heller ikkje dette opplevd som  tilstrekkeleg, eller om det av andre grunnar ikkje kan skje på denne måten, kan vedkommande ta direkte kontakt med leiar for ADFBs Internkontroll. Kundar og leverandørar kan òg varsle direkte til ADFBs Internkontroll. Det høyrer til oppgåvene til alle som tek imot førespurnader, å behandle dei forsvarleg og formålstenleg. Ingen føresett kan krevje å få opplyst kven som har meldt ifrå. Organisasjonen føretrekkjer ein kultur basert på full openheit. Anonyme meldingar bør ein derfor i størst mogleg grad unngå.

Det vil òg vere tilgang til ekstern varsling, for eksempel til organ med tilsyns- eller kontrollmynde og til Forsvarsdepartementets varslingskanal.

Etisk råd
Konsernleiinga og dei konserntillitsvalde utgjer Forsvarsbyggs etiske råd. Rådet skal vere til støtte for leiinga og medarbeidarane i handteringa av etiske dilemma. Rådet utarbeider sjølv mandatet sitt.

Kjenn retningslinjene
Det er viktig at kvar tilsett gjer seg kjend med den etiske plattforma vår. Ho skal òg gjerast kjend for samarbeidspartnarane våre. Det er eit særskilt leiaransvar å bidra til at den etiske plattforma blir implementert og etterlevd i kvardagen.

Oppstart
Rettleiinga og dei tilhøyrande retningslinjene trer i kraft frå 1. oktober 2006. Implementering og vidareutvikling av retningslinjene vil skje fortløpande.

Dag Westby

Direktør internkontroll

916 16 379

dag.westby@forsvarsbygg.no