Gjennom aktiv haldning og handling skal Forsvarsbygg bidra til gode miljøløysingar i eiga verksemd og i bransjen elles. Miljøprofilen skal styrkje organisasjonen sin posisjon både når det gjeld forretning, omdømme og som arbeidsgivar.
Miljøomsyn skal vere ein integrert del av kvalitetsomgrepet til Forsvarsbygg og gå inn i måla, styrings- og rapporteringsrutinane til organisasjonen. Forsvarsbygg skal bidra til å ta vare på Forsvarsdepartementets sektoransvar innan miljø og slutte opp om dei nasjonale og internasjonale forpliktingane og miljømåla. Ivaretaking av kulturminna våre inngår i dette sektoransvaret.
Miljøpolitikk
1. Forsvarsbygg skal vere blant dei fremste i Noreg på miljøområdet
Vi skal aktivt arbeide for betre miljøeffektivitet i eiga verksemd ved kontinuerleg forbetring og systematisk miljøstyring.
Det betyr at:
- Vi skal vere proaktive i forhold til miljøkrav i lovar og forskrifter.
- Vi skal setje oss forbetringsmål og jamleg følgje opp og revidere desse.
- Vi skal førebyggje forureining.
- Vi skal forbetre utnyttinga vår av ressursar i form av produkt, materialar og energi.
- Vi skal utvikle eigen miljøkompetanse og halde oss oppdaterte på framtidig utvikling.
2. Forsvarsbygg skal gjennom eigen kompetanse og eiga utvikling vere ein pådrivar for miljøriktige løysingar i byggje- og eigedomsbransjen
Det betyr at:
- Vi skal bidra til utvikling av miljøvennlege løysingar.
- Vi skal stille tydelege miljøkrav ved innkjøp av varer og tenester.
- Vi skal følgje opp miljøprestasjonane til leverandørane våre.
- Vi skal fortløpande informere omverda om miljøarbeidet vårt.
3. Forsvarsbygg skal stimulere kundane og brukarane sine til å gjere miljøriktige val.
Det betyr at:
- Vi skal tydeleg informere kundar og brukarar om miljøkonsekvensane av vala deira.
- Vi skal introdusere løysingar og insentiv som fremjer miljøriktig framferd.
Hovudmål
Forsvarsbygg påverkar miljøet på ei rekkje område. Ut frå ei totalvurdering har leiinga valt ut følgjande hovudområde for spesiell oppfølging:
1. Utslepp av CO2 frå bruk av fossilt brensel til oppvarming i EBA
Målsetjing: Tilnærma nullutslepp av CO2 frå bruk av fossilt brensel til oppvarming av eigedom, bygg og anlegg (EBA) forvalta av Forsvarsbygg innan 2014.
2. Totalt energiforbruk i EBA
Målsetjing: Totalt energiforbruk reduserast med 30 prosent innan 2014 samanlikna med 2008.
3. Energieffektivitet i bygg
Målsetjing: Frå 2011 skal energiforbruket i nybygg vere mindre enn 130 kWh per kvadratkilometer per år (kontorbygg Oslo-klima). Alle nybygg skal ha energiklasse A frå 2014.
All anna bygningsmasse skal vere kartlagt og klassifisert og det skal (innan 2014) finnast ein plan for oppgradering til klasse C innan 2020.
4. Egen transport
Målsetjing: Alle administrative kjøretøy skal vere el. eller hybrid innan 2014. Det stilles i tillegg krav til alle typar kjøretøyklassar for maksimale utslepp av CO2 pr. kilometer (g/CO2/Km).
Ei rekkje andre miljømål er etablerte og går inn i Forsvarsbyggs miljøhandlingsplan. Desse blir følgde opp og rapporterte gjennom miljøstyringssystemet.
Miljøstyring
Forsvarsbygg har etablert eit integrert HMT- og miljøleiingssystem som tilfredsstiller krava i Internkontrollforskrifta og krava i ISO 14001. Systemet angir krav og retningslinjer innan HMT og miljøleiing og skal sikre miljøstyringa i verksemda. Miljøprestasjonane blir tallfeste og går inn som del av suksesskriteria til bedrifta.