Miljøkonsekvens-undersøkingar

Ved gjennomføring av større øvingar som omfattar Forsvarets eigne øvingsområde og rekvirert grunn, skal det liggje føre nødvendig informasjon om dei miljøomsyna som ein bør ta under øvinga.

Dette inneber samanstilling av relevant miljøinformasjon og vurderingar av korleis dei ulike aktivitetane i øvinga kan påverke miljøet negativt. Arbeidet blir gjennomført som ein konsekvensanalyse med kartfeste restriksjonar og forbodssoner baserte på denne miljøinformasjonen: biologisk mangfald, friluftsliv, kulturminnevern, forureining, støy- og vibrasjonsproblematikk og ev. anna som landbruk, reindrift og havbruk. Dette bidreg til å ta hand om Forsvarssektorens mål og plikter på ein miljøforsvarleg måte.

Forsvarsbygg har på oppdrag frå Forsvaret gjennomført desse miljøkonsekvensanalysane.

Battle Griffin 2005

 

Iron Sword 2005

Relaterte lenker