Historie og verneplan

Akershus festning er eit av dei finaste og eldste kulturmiljøa i Noreg med ei rik samling av verdifulle bygningar og anlegg som har komme til gjennom nesten 700 år.

Verneplan

Verneplanen er ein reiskap i forvaltninga av festningane og skal vere ein grunnleggjande premiss for alle planar som blir utarbeidde for anlegget, det vil seie både overordna planar og detaljerte planar for vedlikehald, skjøtsel, restaurering og istandsetjing.

Vi håper verneplanen vil by på nokre nye innsikter i historia til dei viktigaste militærhistoriske kulturminna i landet.

Historikk Akershus festning

Festninga har status som nasjonalsymbol på grunn av den rolla ho har hatt som sete for konge- og statsmakt, og dei mange viktige og dramatiske historiske hendingane som har skjedd her. Den nasjonale rolla blir understreka av at slottet i dag blir brukt som det fremste representasjonslokalet til Regjeringa og i tillegg huser Det kongelege mausoleum.

Viktig landemerke

For Oslo by er Akershus eit viktig identitetsskapande element: Det noverande sentrumet i byen blei etablert under murane til Akershus i 1624. Festninga har alltid vore eit viktig landemerke og raga tidlegare høgt over den låge busetnaden i Christiania. Òg i dag er Akershus eit landemerke, og saman med Rådhuset utgjer ho den mest markante silhuetten i Oslo mot sjøen. Både for turistar og innbyggjarar i Oslo er Akershus ei grøn lunge midt i sentrum og blir flittig brukt som rekreasjonsområde.

Etter at medvitet om kva kulturverdiar Akershus festning representerte, blei vekt mot slutten av 1800-talet, har det vore gjort store reparasjons- og restaureringsarbeid med sikte på å synleggjere og foredle Akershus sin verdi som nasjonalt monument.

I pakt med tidsånda blei innsatsen først konsentrert om mellomalderen: Det var viktig å manifestere synlege minne frå den norske stordomstida. Etter kvart blei ein òg medviten om verdien av festningsverk og bygningar frå 1600- og 1700-talet. Før verneinteressene blei sterke nok, var likevel nesten heile utanverka til Nedrevoll rivne, med unnatak av Hornverket på Kontraskjæret.

Trass i desse reduksjonane har både kjerneområdet og det ytre området til festninga i stor grad bevart identiteten sin vis-à-vis bybusetnaden i Kvadraturen. Dette kjem av at festningsområdet også etter raseringa av festningsverka blei brukt til militære formål. Nye militære bygningar på 1800-talet skulle ha andre funksjonar (for eksempel depot) enn resten av busetnaden og skilde seg derfor frå han. Bygningane fekk òg eit eige militært preg i form av romantisk «borgarkitektur» i fuga tegl i tillegg til bygningar i utmura bindingsverk.

Bygginga av det nye Ledelsesbygget (ISL) og at Forsvaret framleis tydeleg er til stades, betyr eit strategisk viktig militært tyngdepunkt på Akershus festning i framtida. At Forsvaret er til stades både på Akershus festning og Bergenhus festning, kan posisjonere desse to festningane saman med resten av festningsverka i Noreg til verdifulle og levande arenaer for kultur, militære og sivile verksemder og opplevingar for ålmenta. På den måten sikrar Forsvaret seg nytt liv på historisk grunn.