Historie og verneplan

Bergenhus festning ligg vakkert og strategisk plassert i innseglinga til Vågen i Bergen. Dette er ei av dei eldste og best bevarte festningane i Noreg.

Området som i dag utgjer kjerneområdet for Bergenhus festning, gjekk i mellomalderen under namnet Holmen. Området mellom Holmen og mellomalderborga Sverresborg, grunnlagt i 1180-åra, var eit sumpete myrområde, som gjekk under namnet Veisan (i dag Koengen).

Kong Øystein Magnusson flytte kongssetet til Holmen på 1100-talet, og her bygde han opp ein kongsgard. Då borgarkrigane ebba ut i første halvdelen av den lange regjeringstida til Håkon Håkonsson (1217–63), og Noreg blei meir varig samla, blei det bygt opp eit forsvarsverk av stein på området. Bergen blei då hovudstaden i Noreg og Holmen det politiske sentrumet. To av bygningane frå den perioden finst framleis på festninga: Håkonshallen og Magnus Lagabøtes kastell. Magnus Lagabøtes kastell er ein del av Rosenkrantztårnet. I tillegg blei det bygt ei steinkyrkje, fleire steinhallar, to portkastell og festningsmur.

Då kongemakta flytte ut av landet under unionen med Danmark i seinmellomalderen, blei ikkje Bergen lenger residensby. Men kongsgarden var framleis det politisk og administrative sentrumet for Vestlandet og Nord-Noreg. Først med innføringa av eineveldet i 1660 blei Bergenhus ei rein festning.

I løpet av 1600-talet blei festninga bygd ut og forsterka, og ho var på sitt mest fullstendige rundt 1700 med Bergenhus og Sverresborg som ei samla festning.

På byrjinga av 1800-talet blei Sverresborg igjen skild frå sjølve festningsområdet. Anlegget blei opparbeidd som park og lysthage, samstundes som forsvaret av Bergen gradvis blei flytt ut av byen.

Festninga heldt likevel fram med å vere eit militært etablissement, mellom anna som hovudkvarter for dei to vestlandsregimenta og med underoffisersskole frå rundt 1911. Underoffisersskolen heldt til i kasernen på Sverresborg.

Under andre verdskrigen blei Bergenhus teken i bruk av tyskarane som lokalt hovudkvarter, og frå 1945 blei Bergenhus hovudkvarter for Distriktskommando Vestlandet.

Frå 1945 til 1995 var Bergenhus festning hovudkvarter for Distriktskommando Vestlandet. I 1996 tok Bergenhus festning Regiment over kommandantskapet på festninga. Frå og med 1. oktober 2002 tok skolane til Sjøforsvaret over kommandantskapsfunksjonen på Bergenhus Festning.

Frå 27. oktober 2006 tok generalmajor Jan Blom frå FAKT over som kommandant. FAKT (Forsvarets Avdeling for kultur og tradisjon) har framleis kommandantskapet.

Frå og med 1. april 2012 tok generalmajor Gunnar Rolland over som kommandant på Bergenhus festning. Gunnar Rolland (født 1948) er pensjonert generalmajor i Luftforsvaret. Han er utdanna jagerflygar frå Luftforsvarets flygerskule og han er uteksaminert frå Luftkrigsskolen. Han har blant anna vore sjef for Luftforsvarets stabsskole, sjef for Ørland hovedflystasjon og kommandør for luftstridskreftene i Sør-Norge. Han er tildelt Forsvarsmedaljen og Vernedyktighetsmedaljen.

Sidan 2002 er det òg etablert fleire militære funksjonar på festninga, mellom anna rekneskapsadministrasjonen til Forsvaret, Forsvarsmuseet og Hordaland heimevernsdistrikt. I tillegg har Forsvarets musikkorps vestlandet og Vernepliktsverket i Bergen halde fram med virket sitt på festninga, og dette gjer at det i dag er cirka 150 militært tilsette som har det daglege arbeidet sitt på festninga.