Historie og verneplan

Fredriksten festning ligg dominerande plassert på eit høgdeparti over Halden. Nokre av dei mest dramatiske og blodige hendingane i norsk krigshistorie har skjedd her.

Verneplan

Verneplanen er ein reiskap i forvaltninga av festningane og skal vere ein grunnleggjande premiss for alle planar som blir utarbeidde for anlegget, det vil seie både overordna planar og detaljerte planar for vedlikehald, skjøtsel, restaurering og istandsetjing.

Vi håper verneplanen vil by på nokre nye innsikter i historia til dei viktigaste militærhistoriske kulturminna i landet.

Historikk Fredriksten festning

Etter ein av dei mange krigane mellom Sverige og Danmark/Noreg måtte Noreg ved ein fredsavtale i Roskilde i februar 1658 avstå Bohuslän til Sverige. Men krigen blussa opp att seinare same år.

Dei tre første angrepa

Svenskane angreip Halden tre gonger over 18 månader i åra 1658–1660. Målet deira var å ta ein større bit av Noreg enn det Bohuslän som dei nett hadde vunne. Rundt Halden var det på denne tida berre improviserte forsvarsanlegg. Dei blei rett nok forsterka og utvida mellom kvart angrep, og alle dei svenske forsøka på å ta byen blei avviste etter harde og blodige kampar.

Fredriksten blir bygd

Bygginga av det permanente festningsanlegget Fredriksten tok til i 1661. I løpet av cirka ti år stod murane til det som i dag er Citadellet, eller Indre festning, ferdige. Malen var ei moderne bastionsfestning, dyktig tilpassa fjellterrenget. Etter ein pause på rundt ti år heldt så byggjetrinn 2 fram i vel 20 år frå 1682. No blei det bygt fleire forsvarslinjer utanpå Citadellet pluss dei tre framskotne uteforta Gyldenløve, Stortårnet og Overberget. Mellom byen og Citadellet blei eit stort område omkrinsa av murar og palisadar. Det blei kalla Borgerskansen og var «tilfluktsrommet» til innbyggjarane i byen.

Karl XII i 1716 og 1718

Blant dei mange dramatiske hendingane her er utan tvil angrepa frå svenskekongen Karl XII i 1716 og 1718, og særleg at han døydde her under det siste, dei mest kjende og omskrivne. Den 4. juli 1716 mislukkast han i eit kupparta angrep på festninga. Svenskane måtte i staden nøye seg med å ta den nesten forsvarslause byen, men heller ikkje her fekk dei vere i fred.

Innbyggjarane sette byen sin i brann, og på den måten dreiv dei okkupantane ut. Denne hendinga inspirerte Bjørnstjerne Bjørnson til å skrive det fjerde verset i «Ja, vi elsker»: «– ti vi heller landet brente enn det kom til fall. Husker bare hva som hendte ned på Fredrikshald.» Fire dagar seinare tok Tordenskjold flåten til Karl XII med forsyningsskip i Dynekilen, og svenskane drog heim.

Karl XII kom tilbake i slutten av november 1718 med ein stor hær. Han innleidde eit systematisk angrep på Fredriksten. Utefortet Gyldenløve blei teke, og svenskane grov og bygde løvegraver mot hovudfestninga. Om kvelden 11. desember var Karl XII heilt framme der gravearbeidet skjedde. Han lyfta seg over vernevollen for å observere og blei drepen av ei kule rett gjennom hovudet.

Den dag i dag er ein ueinige om om kula var «ærleg norsk» eller kom frå ein snikmordar i svensk teneste. Uansett så avbraut svenskane angrepet, og den lange nordiske krigen dabba av og slutta eit par år seinare.

Krigen i 1814, inngang i union med Sverige

Danmark måtte som tapande part i Napoleonskrigane gi Noreg til Sverige ved fredsavtalen i Kiel i januar 1814. Noreg sette seg imot dette, laga den nye grunnlova si og erklærte seg som sjølvstendig nasjon. Sverige svarte på det ved å invadere Noreg i slutten av juli.

I vel 14 dagar var Fredriksten omringa og blei bombardert, men dei gav ikkje opp. 14. august blei det inngått ein fredsavtale i Moss, og 15. august stoppa kampane. Noreg kom no i union med Sverige.

Den innbitne motstanden frå Fredriksten hadde imponert den nyvalde franske kronprinsen og hærføraren i Sverige, Karl Johan, og vilkåra i unionsavtalen blei som ei følgje av dette langt mildare enn dei var tenkte å skulle bli. Det gjorde det lettare å komme ut av unionen igjen 91 år seinare! Fredriksten blei no lagd ned som operativ grensefestning.

1905

Unionen med Sverige begynte å knake i samanføyingane i siste halvdelen av 1890-åra. Dei første åra på 1900-talet blei derfor heile det norske forsvaret kraftig opprusta og modernisert. I 1905 var Fredriksten med nye kanonar den viktigaste og sterkaste av alle grensefestningane. I september var det nært ved å bli krig, men heldigvis blei det forhandla fram ei fredeleg unionsoppløysing.

 Fredriksten blei no lagd ned og nedrusta, men ho skulle bli teken vare på som eit nasjonalt minnesmerke.

Fredriksten etter 1905

Etter 1905 var Fredriksten standkvarter for fleire militære skolar og stabar. Siste skole blei lagt ned i 2005. Under andre verdskrigen laga tyskarane ei sterk forsvarstilling mot aust med front cirka mellom Gyldenløve og Overberget fort. I djupna av denne blei det blant mykje anna laga mitraljøsestillingar i betong på sjølve hovudfestninga. Desse er enno intakte.

I 1999 blei Fredriksten valt til tusenårsstad i Østfold fylke. Det førte festninga inn i ein ny æra som kulturarena og møteplass. No blir ho besøkt av 250 000–300 000 menneske kvart år. Her er det ei rekkje større arrangement som konsertar, TV-serien «Allsang på Grensen», Opera Østfold med store oppsetningar anna kvart år, bilutstillingar, sykkelritt, flotte restaurantar – og mykje meir. Men bak og over det heile ligg den ærerike historia i murane. Fredriksten verja fedrelandet i nesten 250 år – her seier ein stolt: «Ofte beleiret, aldri beseiret!»