Grensebefestninger

Grensefestningsverka er eit samnamn for festningsverka som blei anlagde på aust- og vestsida av Glomma i tiåra før og etter unionsoppløysinga i 1905.

Dei fleste grensefestningsverka har ikkje vore i bruk sidan 1920-åra, men somme av anlegga var i bruk under kampane i 1940.

I dag har fleire av anlegga organisert omvising, der besøkjande får høyre om Glommalinjen og historia til anlegget. Andre går inn i kulturstigar.

Festningsverka utgjer eit system som det er viktig å ta heilskapleg vare på for å få fram den historiske verdien, den operative rolla dei hadde, og bakgrunnen for utforminga av det enkelte anlegget.

Festningsverka har eit stort pedagogisk potensial, og som historiske anlegg i sitt miljø har dei mykje å seie for lokal identitet og tilknyting.

Anlegga er individuelt utforma og har stor opplevingsverdi i samanheng med naturen omkring. Landskap og omgivnader er viktige delelement som medverkar til å forklare det militærhistoriske anlegget, mellom anna med siktelinjer og gamle transportvegar. For å sikre systemet som heilskap er alle anlegg som Forsvaret framleis eig, no freda.

Grensefestningsverka blei etablerte som ein del av ei større utbygging av kystfort, støttepunkt for Marinen, nye ekserserplassar og forsterking av eksisterande anlegg.

Grensefestningsverka blei bygde med ein klar brodd mot Sverige og var ein del av arbeidet for nasjonalt sjølvstende. Dei varierer frå komplekse fort med massive betongflater, fjellanlegg og fleire bygningstypar til enkle skansar med lågt brystvern framfor ei planert flate.

Grensefestningsverka kan skiljast i to kategoriar, sperrefort og førebudde stillingar.

Den framskotne linja bestod av Hjelmkollen fort, Veden skanse og den moderniserte Fredriksten Festning med tårnkanonane ved Overberget og Gyldenløve. Ved Ørjeveien blei det anlagt to fort, høvesvis på Lihammeren og Ørjekollen. Ved Kroksund bygde ein eit batteri – Vittenbergåsen batteri. Aurskog fort blei anlagt for å sperre vegen over Rømskog og Setskog og dei andre vegane som går gjennom Aurskog mot Blaker. Ved Kongsvinger fekk den gamle festninga nye kanonar, i tillegg blei det bygt to sterke fort på Gullbekkåsen og Vardåsen.

Resultatet av Karlstadforhandlingane i 1905 var at forta ved Ørje, Urskog og Hjelmkollen skulle øydeleggjast. Kongsvinger festning fekk stå, med den føresetnaden at nye fort ikkje blei oppførte innanfor ein avstand på ti kilometer frå den historiske festninga, og at anlegga ikkje blei moderniserte. Fredriksten fekk òg stå, men låg innanfor ei nøytral sone oppretta ved avtalen og kunne ikkje brukast som festning i strid. Panserkanonane blei fjerna. På begge sider av grensa, frå Hvaler til den 61. breiddegrad, blei det etablert ei nøytral og avrusta sone.

Grensefestningsverka er tillagde mykje av grunnen til at det ikkje blei krig i 1905, og er eit fysisk uttrykk som har stor symbolverdi for viljen til sjølvstende Noreg viste.

Bok

I anledning istandsettingen av grensebefestningene så er det utgitt en liten bok som beskriver alle anleggene og hvorledes de kan finnes. Boken kan fås ved henvendelse til festningenes venneforeninger, lokale historielag eller Nasjonale Festningsverk

Åpningstider

Grensebefestningene er åpne hele døgnet alle dager.

Kart

Grensebefestningene er anlagt på øst- og vestsiden av Glomma.