Bjørnåsbatteriet/Torbjørnrød skanse

Batteriet har framleis gode siktelinjer, og ein har derfor moglegheita for klart å sjå heile området batteriet skulle skyte mot.

Frå slutten av 1890-talet blei det bygd opp ei rekkje fort og skansar langs grensa frå Kongsvinger i nord og til Svinesund i sør. Dette var eit ledd i arbeidet for å lausrive Noreg frå unionen med Sverige. Målet var at forsvarsverka skulle stoppe eit eventuelt svensk angrep mot hovudstaden i tilfelle væpna konflikt ved lausrivinga.

Batteriet blei bygt i 1902 og er eigentleg ikkje ein del av Glommalinjen, men ei attomliggjande sperrelinje. Det har ei samla lengd på cirka 50 meter fordelte på to plan, med fire standplassar klargjorde for 10,5 cm. På kvar side av det cirka 70 cm høge brystvernet finst små dekningsrom med ammunisjonsnisjar.

Siktelinjene er gode, og ein ser klart området batteriet skulle skyte mot. Batteriet skulle dekkje området mellom Dillingveien og Vansjø, møte angrep langs veg eller jernbane mellom Vansjø og Mossesundet og i tillegg samarbeide med Orkerød batteri på Jeløy og batteriet på Verksåsen.

På grunn av den opphavlege forma til batteriet og den historiske verdien det har, er det eit svært verneverdig militærhistorisk landskap.

Tilkomst

Vegen til batteriet er skilta frå Vålerveien via Skanseveien.