Gylleråsbatteriet

I militære dokument blir batteriet kalla «Gydelås». Det opphavlege siktebordet blei sett opp igjen i 2005.

Batteriet er frå 1902 og med frontretningar mot nordvest, vest, sørvest og søraust. Batteriet dekkjer dermed terrenget i ein halvsirkel frå Borgebunn (Vansjø) i nord til Visterflo i sør, det vil seie heile Rådesletten, som ein har ei flott utsikt over frå batteriet.

Her er det åtte kanonstandplassar med ei breidd på cirka 4,5 m og eit brystvern med opphavleg høgd på cirka 0,9 m. Dette gjorde batteriet brukande både for posisjon- og feltskyts.

Mellom standplassane er det nedsprengde dekningsgroper med steintrapper og ammunisjonsrom. Det opphavlege siktebordet blei sett opp igjen i 2005.

Gyllerås var ein del av den tilbaketrekte linja mellom Råde og Moss og er bunde saman med Høyås og Vetaåsen med batterivegen.

Tilkomst

Lettast tilkomst langs batterivegen frå Åkeberg ved Missingmyr.