Kjellåsbatteriet

I utstrekning er dette det største enkeltanlegget blant batteria i fylket og er til dels nedsprengt i fjellet og føydd inn i terrenget.

Batteriet blei anlagt i 1902–1903 for åtte opne kanonstandplassar for 8,4 cm feltkanonar med ei rekkjevidd på cirka 6 km. Ved standplassane er det doble ammunisjonsnisjar.

Bak brystvernet går ein vollveg, der plassen for siktebordet er høgt heva over vollgangen. I utstrekning er dette det største enkeltanlegget blant batteria i fylket og er til dels nedsprengt i fjellet og føydd inn i terrenget.

Oppgåva til batteriet var å hindre fienden i å ta seg over Glomma ved Grønnsund ferjeleie, i tillegg skulle det hindre all overgang nord for sundet innanfor rekkjevidda til batteriet.

Det var dessutan sikt mot bygdevegen frå Askim og hovudvegen frå fleire jernbanestasjonar (Mysen, Eidsberg, Rakkestad og Slitu).

Hovudskotretninga var mot aust, men to av kanonane hadde skotretning mot søraust.

Tilkomst

Tilkomst til batteriet frå rv. 115, følg skilt til Sundås, deretter skiltet til Kjellås.