Skorås nordre batteri

Eit batteri basert på ei besetning med 112 mann og 90 hestar.

Batteriet blei anlagt i 1902–1903 med plass til seks 7,5 cm feltkanonar. Besetninga var 112 mann og cirka 90 hestar. Standplassane på den venstre flanken til batteriet er utsprengde i fjellet, mens høgre delen har oppbygt brystvern.

På ein knaus bak standplassane står fundamentet til siktebordet.

Frå høgre fløy er det ei enkel trapp ned til vegen som går til Skorås søndre batteri.

Batteriet skulle samarbeide med Skorås søndre og hadde som oppgåve å hindre ei fiendtleg kryssing av Glomma mellom Langnes jernbanebru og Solli.

Tilkomst

Tilkomst frå Kornsiloene i Spydeberg mot Hovin kirke, følg vegen til Skårudtoppen. Vegen er skilta vidare.