Historie og verneplan

250 norske soldatar og ei kvinne heldt stand i 26 dagar under ekstreme forhold mot den tyske okkupasjonsmakta i 1940.

Verneplan

Verneplanen er ein reiskap i forvaltninga av festningane og skal vere ein grunnleggjande premiss for alle planar som blir utarbeidde for anlegget, det vil seie både overordna planar og detaljerte planar for vedlikehald, skjøtsel, restaurering og istandsetjing.

Vi håper verneplanen vil by på nokre nye innsikter i historia til dei viktigaste militærhistoriske kulturminna i landet.

Historikk Hegra festning

Hegra festning, tidlegare Ingstadkleiven Fort, er ei av fleire festningar som blei bygde til forsvar mot svenske angrep etter unionsoppløysinga i 1905. I tillegg blei det bygt eit batteri på Kleivplassen og eit på Svartåsen, begge rett i nærleiken av Hegra festning. Byggjearbeidet blei gjort unna på to år. Festninga og batteria stod ferdige i 1910. Dei to batteria ligg plasserte slik at det er god sikt ned i dalen.

Oppbygginga til anlegget

Anlegget, som ligg i fjellet, har til saman 350 meter med gangar, tunnelar og opphaldsrom. Den lengste tunnelen, som er kanonhallen, er nesten 110 meter lang. Det er tre kommandotårn og to 7,5 cm og fire 10,5 cm kanonar. Dette er flatbaneskyts, som har ei rekkjevidde på om lag 10 km. Det er skyttargraver rundt heile Hegra festning, og dei er delvis overdekte.

Vegen opp til festninga blei bygd samstundes med festninga og ligg i same trasé i dag, men den gongen var det berre ein smal kjerreveg. Festninga blei teken ut av operativ teneste i 1926.

Stor motstand mot tysk okkupasjonsmakt

Etter at festninga blei teken ut av operativ teneste, blei ho i 1930-åra brukt av Raudekrossen som barneleir om somrane. I mai 1940 var festninga dermed etter måten lite kjend, og batteria blei faktisk først ikkje funne av tyskarane då dei okkuperte landet.

I sjølve festninga var det fleire rom som ikkje kunne brukast fordi det samla seg mykje snø og is i romma. Under desse ekstreme forholda i 1940 heldt 250 norske soldatar og ei kvinne stand mot den overlegne tyske okkupasjonsmakta i 26 dagar. Det blei så bestemt å heise kvitt flagg og overgi seg. Ei av årsakene til det var radiomeldingar om at dei allierte som skulle komme til unnsetning, måtte gjere vendereis.

Festninga er eit av dei mest representative anlegga bygd som ei følgje av unionsoppløysinga. I tillegg er festninga i dag eit nasjonalt symbol for den norske motstandsviljen under kampane i 1940.