Festninga du no er på, er ei av dei 14 nasjonale festningane i Noreg, og ho er eit nasjonalt kulturminne som vi ønskjer å ta vare på for seinare generasjonar. Derfor er det viktig at du som oppheld deg her, har respekt for bygningane og uteområda.
Opplevinga av å vere på ein unik stad som Karljohansvern kan fort bli øydelagd av forsøpling og utilsikta skadeverk.
Vi ber deg om å kaste alt søppel i dei oppsette søppelkassane.
Det er forbod mot bål og bruk av eingongsgrill. Bandtvang for hundar gjeld på festninga heile året.
Elles gjeld varsemdsføresegnene i friluftslova for ferdsel m.m.