Historie og verneplan

Karljohansvern, opphavleg Horten Værft, blei etablert i 1819, få år etter at unionen med Sverige blei inngått. Utviklinga av anlegget utover på 1800-talet har stor militærhistorisk interesse i Noreg.

Verneplan

Verneplanen er ein reiskap i forvaltninga av festningane og skal vere ein grunnleggjande premiss for alle planar som blir utarbeidde for anlegget, det vil seie både overordna planar og detaljerte planar for vedlikehald, skjøtsel, restaurering og istandsetjing.

Vi håper verneplanen vil by på nokre nye innsikter i historia til dei viktigaste militærhistoriske kulturminna i landet.

Historikk Karljohansvern

Karljohansvern, opphavleg Horten Værft, blei etablert i 1818, få år etter at unionen med Sverige blei inngått. Utviklinga av anlegget utover på 1800-talet har stor militærhistorisk interesse i Noreg.

Etter at unionen med «den gamle fienden» var inngått, gjekk den generelle militære aktiviteten sterkt tilbake med nedbygging av fleire anlegg. Verftet og marinestasjonen i Horten er eit unnatak. Ueinigheita rundt omfanget av festningsverka og anlegget på Karljohansvern varte likevel på heile 1800-talet.

Byggjeverksemda var ujamn, og framdrifta stoppa opp fleire gonger i løpet av dei første tiåra mellom anna av økonomiske årsaker. Ei rekkje ulike planar blei lagde fram og endra. Store endringar med omsyn til militære og teknologiske føresetnader for krigføring i løpet av 1800-talet fekk òg konsekvensar for utforminga av festningsverka. Uvisse knytt til den endelege statusen og utforminga vitnar i tillegg om ein nasjon som enno var usjølvstendig og under oppbygging.

Då anlegget og verftet ved innløpet til Oslofjorden endeleg stod ferdig, blei det oppfatta som eit symbol på det sjølvstendige Noreg. Initiativet til å etablere eit nytt hovudverft og base for Marinen var likevel komme frå den svenske kongen. Det var vanskeleg å forsvare. Eit utval frå Ingeniørbrigaden blei derfor bede om å gi ei innstilling.

Komiteen peikte ut fleire stader som kunne vere eigna for lokalisering av eit nytt hovudverft, mellom anna Svelvik ved Drammen. Under avslutninga av arbeidet måtte kommisjonen overnatte på Indre Horten for å ta båten over neste dag. På ein kveldstur i området blei Hortentangen, hamna og øyane utanfor «oppdaga» nærmast ved eit tilfelle – her måtte anlegget liggje!

Gjennom åra måtte marinebasen tole fleire tilbakeslag. Rundt 1840, då byggjeverksemda endeleg var kommen i gang for alvor, var ei større overskriding av budsjettet nær ved å føre til den første riksrettssaka i Noreg. Byggjeverksemda blei på nytt ståande nesten stille, men tok seg opp att mot slutten av tiåret.

Citadellet, det første festningsverket som skulle verne hovudverftet, blei ferdigstilt i 1852. Same året blei Norske Løve påbegynt. I 1860, året etter at fortet stod ferdig, blei den militære og strategiske statusen til anlegget karakterisert som «utidsmessig». Det installerte skytset var for dårleg, og nye motordrivne krigsskip kunne manøvrere seg raskt forbi utanfor på Oslofjorden.

Planane om å byggje ein stor garnisonsby med festningsverk rundt var skrinlagde alt før 1850. Verftet, skoleverksemda og aktiviteten på anlegget heldt likevel fram for fullt. Bustadbygginga heldt no fram på utsida av etablissementet og la grunnlaget for det som seinare blei Horten by. I 1870 blei Marinens Torpedovesen etablert med hovudsete på Bromsjordet.

Under unionsstriden fekk Karljohansvern igjen ein viktig posisjon med stor aktivitet fordi Skagerrakseskadren som skulle forsvare Oslofjorden sør for Drøbaksundet, hadde basen sin her. Hamnetilhøva som var gode nok til verftsverksemd, var derimot dårlege med tanke på forsvar. Det var derfor mange diskusjonar om flytting av verftet. Ei alternativ krigshamn (Melsomvik), seinare òg ubåthamn (Teie), blei derfor peikt ut.

I åra etter unionsoppløysinga og under den første verdskrigen blei Karljohansvern eit senter for produksjon og utvikling av ammunisjon, miner og torpedoar. Verftet produserte stadig nye og meir moderne skip. I tillegg kom Flyfabrikken på Møringa som innleidde verksemda si alt i 1913. Fabrikken utvikla seg til ei stor verksemd med ei rekkje militært og sivilt tilsette. Den teknologiske verksemda ved skipsverftet og flyfabrikken knytte Karljohansvern – meir enn noko anna av dei nasjonale festningsverka – til den sivile verda.

Ved overgangen til det 21. hundreåret gjekk Karljohansvern inn i ein ny fase. Verftet var alt selt, og flyfabrikken var lagd ned, men no blei den aktive forsvarsdelen «krympa» og trekt tilbake til avgrensa delar av anlegget på Verftet, Møringa, Vealøs og på øyane utanfor. Sivil bruk og aktivitet er i ferd med å setje eit stadig sterkare preg på det tidlegare militæretablissementet.