Tilgjenge

Oscarsborg Festning har to øyar, Nordre- og Søndre Kaholmen.

Ferje til Oscarsborg Det er ingen problem å få om bord rullestolar på ferja. Dersom det er veldig mykje vind, kan det hende at store, elektriske stolar ikkje kan komme om bord. Det skjer likevel svært sjeldan.

Søndre Kaholmen er den største øya der gjester først kjem i land. Øya har grusvegar, men òg gode, asfalterte vegar. Festningsmuseet/borga og serveringsstadene har heis/innretningar slik at rullestol kan takast med inn. Her er òg eige bygg med handikapptoalett.

Det er ei kraftig stigning på vegen opp til restauranten, men ved enkle vegval kan ein unngå bakken. Ta då til venstre ved Båtmannsstua, som er det første gule huset du ser. Ta den slake bakken oppover mot borga og så den asfalterte vegen.

Det er rullestolheis inn til festningsmuseet, og ved rett vegval kan ein lett komme seg inn. Kontakt gjerne museet i forkant for å få meir informasjon om heisen: Ring tlf. 64 90 40 60, eller send e-post til infokoordinator: ingvild.elvebraten@forsvarsbygg.no

Nordre Kaholmen (den minste øya) har gjestehamn og badestrender. Ein cirka to meter brei grusveg går langs hamna og bort til stranda. Strekninga er flat. Her er det mogleg å køyre rullestol, men det er dessverre ikkje heis til å komme ut i vatnet.

Torpedobatteriet ligg inne i fjellet på denne øya, og her er det rullestolrampar på vegen inn og ingen trapper, dersom det er ope for guiding. Museet organiserer opningstider og guida turar.

Området utanfor vegane på Nordre Kaholmen har små stigar med heller krevjande terreng og steintrapper.