Historie og verneplan

Oscarsborg festning er det viktigaste kystartillerianlegget i Noreg frå 1800-talet og spelte ei avgjerande rolle under krigshandlingane i 1940.

Verneplan

Verneplanen er ein reiskap i forvaltninga av festningane og skal vere ein grunnleggjande premiss for alle planar som blir utarbeidde for anlegget, det vil seie både overordna planar og detaljerte planar for vedlikehald, skjøtsel, restaurering og istandsetjing.

Vi håper verneplanen vil by på nokre nye innsikter i historia til dei viktigaste militærhistoriske kulturminna i landet.

Historikk Oscarsborg festning

Festningsmiljøet har stor militærhistorisk og arkitektonisk verdi.

Drøbaksundet har gode naturlege tilhøve for forsvar. I Christian IV si tid blei det bygt eit blokkhus på Kaholmene. Dette blei fullført i 1643. Festningsanlegga var likevel ikkje i aksjon under krigane mellom Danmark-Noreg og Sverige på 1600- og 1700-talet.

I 1830-åra blei det diskutert framlegg til det som seinare skulle bli Oscarsborg festning. Første byggjetrinn var ferdig 20. november 1848, og i desember 1852 blei resten av kanonane sette på plass i Hovedfortet. Festninga var ferdig i 1853. Namnet Oscarsborg fekk anlegget då kong Oscar I besøkte Kaholmen den 23. august 1855.

Den mest moderne festninga i dåtida

Då anlegga stod ferdige i 1856, blei Oscarsborg sett på som den mest moderne festninga i Nord-Europa. Denne statusen blei likevel kortvarig. Alt i 1864 var Oscarsborg festning forelda. Utviklinga på artilleriområdet hadde gått raskt. Det opphavlege anlegget på Kaholmene var laga for forsvar mot fiendar på sjøsida. Ein ville derfor lett kunne gå utanom Oscarsborg festning og ta henne frå landsida. I 1890-åra gjekk Oscarsborg festning derfor gjennom ein ny utbyggingsfase. Eit nytt torpedobatteri blei ferdig i 1901.

9. april 1940

I 1940 bestod Oscarsborg festning den første verkelege prøven sin. Stridsmidla til festninga senka det tyske flaggskipet «Blücher» 9. april 1940. Forseinkinga dette førte med seg, gjorde det mogleg for den norske statsmakta å evakuere viktige personar i Oslo. Konge, Storting og Regjering fekk dermed høve til å ta opp motstandskampen.

Kort historikk om utviklinga av Oscarsborg festning og Kystartilleriet

1643

I forkant av Hannibalsfeiden blei det bygt blokkhus på Søndre Kaholmen. Våpenutstyret er ukjent, men truleg var det to–tre kanonar mot kvart seglløp.

1807–1814

Den dansk/norske flåtestyrken var lenge så sterk at det ikkje var trong for kystfestningar. Etter flåteranet i København i 1807 blei det bygt bortimot 100 batteri med nesten 1000 kanonar langs kysten opp til Trondheim. Festningsarbeid blei då òg sett i verk rundt Drøbaksundet, og etter Kielfreden 14. januar 1814 gav Christian Fredrik ordre om at arbeida skulle forserast. 13 kanonar kom på plass.

1846–1856

Festninga blei bygd etter prinsippa til den franske ingeniøren Montalembert. Frå Hovedfortet går det underjordiske gangar ned til dei tre utanverka, Søndre batteri, Østre og Vestre strandbatteri. Det fjerde utanverket Nordre fort (òg kalla Havnefortet) skulle sørgje for ryggdekning og forsvar av hamna mellom Nordre og Søndre Kaholmen. Det var planlagt med 111 kanonar, og dei fleste kom på plass i lukka stillingar, såkalla kasemattar. I 1853 var festninga stort sett ferdig. Same året fekk ho den første kommandanten og vaktstyrken – sin eigen garnison. Kong Oscar I besøkte festninga 23. august 1855 og gav henne namnet Oscarsborg.

1860-åra

Oscarsborg blei i ein kort periode rekna som den mest moderne og sterkaste festninga i Nord-Europa. Den tekniske utviklinga gjekk fort på denne tida, og alt i 1860-åra var festninga forelda.

1870–1873

Festninga var bygd for å skyte runde kuler, og det var òg det festningsmurane var bygde for å tole. No starta ei omfemnande modernisering. Store mengder sand blei lagt som vern i fronten på Hovedfortet. Framfor på eit platå av ballastsand var det planar om eit nytt hovudbatteri med seks 30,5 cm Krupp bakladekanonar. Berre éin kanon kom på plass i 1879 før arbeidet blei stoppa på grunn av manglande løyvingar.

I 1874–1879

blei det bygt ein 1500 m lang undervasssmur (jéte) framfor festninga. Ein fiende ville vere tvinga til å bruke den austre leia, men her kom det om lag samstundes på plass eit minefelt ein kunne kontrollere.

1888

Befalsskolen for Kystartilleriet (BSKA) kan føre anane sine tilbake til Artilleriets skriveskole som blei oppretta på Akershus festning 14. oktober 1785. Festningsartilleriets underoffisersskole blei oppretta på Oscarsborg i 1888, og sidan blei det drive befalsutdanning her fram til skolen blei lagd ned i 2002.

1893

Etter mykje att og fram kom dei tre 28 cm Krupp-kanonane «Moses», «Aron» og «Josva» endeleg på plass og var operative 23. mai 1893. Det var økonomiske grunnar som førte til at kaliberet «berre» blei 28 cm.

1895

Generalløytnant Wilhelm Olssøn var forsvarsminister i periodane 1893–1898 og 1905–1907. Olssøn var kommandant for Oscarsborg og Svelvik befestninger 1898–1899. Under ein interpellasjon i Stortinget under konsulatkrisa blei Olssøn spurd om Noreg var førebudd dersom det skulle komme til væpna konflikt med Sverige.

Stortinget hadde då i ei årrekkje nekta Forsvaret løyvingar, og Olssøn var nøydd til å svare nei på spørsmålet. Noreg bøygde av i konsulatsaka, men ho var startskotet til at vi ti år seinare hadde eit forsvar på høgd med dei beste i Europa. Spesielt blei «nøkkelen til Christiania» Oscarsborg forsterka.

Ei storstilt utbygging av stridsanlegg på Håøya og Drøbak-sida gav festninga nye dimensjonar. Dei styrkte forsvaret mot inntrengjande styrkar på sjøen, og dei gav flankesikring mot ein stadig aukande trussel om angrep frå landsida.

1899

Kystartilleriet blei oppretta som eige våpen 1. oktober 1899, og den første som hadde stillinga som «Generalinspektør og Chef for Kystartilleriet», var generalløytnant Olssøn. Ved ferdigstillinga av grensefestningane blei desse lagde under våpenet som i 1903 skifta namn til Festningsartilleriet. Våpenet har òg seinare fleire gonger skifta både namn og kvar det høyrer til. Oberst Georg Stang var «faren til grensefestningane». Han var forsvarsminister 1900–1903, kommandant på Oscarsborg frå 15. september 1903 og fram til han døydde 11. september 1907.

1905

Festningane blei haldne i høg beredskap denne sommaren med «ekstraordinære våpenøvingar» i samband med den spente situasjonen mellom Noreg og Sverige. Store delar av forsvaret vårt blei mobilisert 13. september, men partane blei heldigvis einige 23. september.

1914–1918

Kystartillerianlegga blei mobiliserte sommaren 1914 og var oppsette til sommaren 1918 som det tunge elementet i nøytralitetsvernet og dermed i å hevde norsk suverenitet. I alt 35 000 mann tenestegjorde i kortare eller lengre tid. Generalmajor Christian Holtfodt var kommandant på Oscarsborg 1908–1912 og forsvarsminister under heile den første verdskrigen. Han hadde gått i god skole hos Olssøn og Stang, mellom anna som sekretær i mange opprustingskommisjonar.

9. april 1940

Mange hevdar at inga anna enkeltbragd under den andre verdskrigen har hatt like mykje å seie for Noreg politisk og militært som den som blei utført på Oscarsborg. Saman med generalløytnant Olssøn, generalmajor Holtfodt og oberst Stang blir oberst Birger Kristian Eriksen rekna som ein av «dei fire store» i Kystartilleriet.

Alt i 1920-åra nedvurderte ein sterkt kor viktig festninga var operativt. No skulle Rauøy og Bolærne fort lengre ute i fjorden ta støyten. Torpedo- og Kopåsbatteriet med sine 15 cm kanonar blei sette opp i nøytralitetsvakta frå september 1939, mens hovudbatteriet (Moses, Aron og Josva) først blei sett opp i februar 1940. Det var innkalla 400 rekruttar til Oscarsborg 2. april 1940, og øvde mannskap blei dimitterte for å gi plass til desse. 9. april var det berre eit rutinert mannskap i Hovedbatteriet, og for å kunne skyte med to kanonar måtte mannskapa bli supplerte med kokkar og leirarbeidarar.

Etter 1945

Etter krigen tok Kystartilleriet over 131 batteri etter den tyske okkupasjonsmakta. Dei fleste batteria blei seinare sanerte og materiellet standardisert. Godt tidlegare tysk kanonmateriell blei brukt heilt fram til 1990-åra, mens betre eldleiings- og sambandsmateriell måtte tilførast etter kvart.

Den eine krisa blei avløyst av den andre under «den kalde krigen», og kystartilleristane hadde i mange år den kortaste vernebuingstida i heile Natoalliansen. På tretti minuttar skulle batteria vere klare til strid.

I byrjinga av 1970-åra gjennomførte Forsvaret analysar som konkluderte med at kystartilleri var ein stor fordel. Konklusjonen til Forsvarskommisjonen av 1974 var fall saman med analysar Forsvaret hadde gjort sjølv, men oppfølginga stod ikkje i samsvar med konklusjonane.

Golfkrigen i 1991 endra synet dei ansvarlege hadde på eit stasjonært kystartilleri. Det blei meir og meir snakk om eit mobilt konsept. I 1999 markerte Kystartilleriet hundreårsjubileet sitt. Kong Harald tok del i avslutningsarrangementet på Oscarsborg på sjølve hundreårsdagen 1. oktober. Sidan ebba Kystartilleriet ut – utan at nokon kunne fastsetje ein dato for nedlegging.

2002–2007

Den 28. juni 2002 strauk kommandanten kommandoen sin på Oscarsborg festning, og det siste befalsskolekullet var uteksaminert. Forsvarsbygg blei sett til å forvalte dei eigedommane som ikkje lenger skulle vere i militær bruk. Museumsverksemda på Oscarsborg, som starta fint opp i 1995, stagnerte i ein uheldig omstillingsprosess. Mange engasjerte seg, og på sjølve frigjeringsdagen i 2003 førte eit samrøystes vedtak i Stortinget mellom anna til at kommandanten no er tilbake, og at vi ser betre tider i møte på museet.