Historie og verneplan

Trondenes fort med «Adolfkanonen» blei reist i 1943 av den tyske okkupasjonsmakta.

Verneplan

Verneplanen er ein reiskap i forvaltninga av festningane og skal vere ein grunnleggjande premiss for alle planar som blir utarbeidde for anlegget, det vil seie både overordna planar og detaljerte planar for vedlikehald, skjøtsel, restaurering og istandsetjing.

Vi håper verneplanen vil by på nokre nye innsikter i historia til dei viktigaste militærhistoriske kulturminna i landet.

Historikk Trondenes fort

Trondenes fort ligg på den skogkledde halvøya Trondenes, som stikk ut i Vågsfjorden nord for Harstad. Batteriet med dei fire 40,6 cm-kanonane («Adolf-kanonar» etter namnet på éin av granatane kanonen kunne bruke) ligg på ein åsrygg som er orientert SV–NA midt inne på halvøya.

I 1942, etter det forlengde felttoget mot Sovjetunionen, og etter at USA kom med i verdskrigen, innsåg Hitler at ein krig ville bli langvarig, og han sette i gang utbygginga av Atlanterhavsvollen – ei festningslinje langs den 1500 km lange fronten frå grensa mellom Spania og Frankrike til grensa mellom Noreg og Sovjetunionen. Utbygginga av forsvarsverk skulle spare personell på vestfronten inntil slaget på austfronten var over.

Betong skulle altså erstatte store troppestyrkar. Den psykologiske verknaden av forsvarslinja blei òg vektlagd. Dei monumentale betongkonstruksjonane gav inntrykk av å vere uovervinnelege, og dei skulle både skremme motstandarane og verke oppbyggjande på eigne borgarar. Forta i Atlanterhavsvollen var eit mykje brukt motiv i propagandaen til nazistane.

Noreg var høgaste prioritert i den tyske planen for forsvaret av Europa. Etter Noreg kom vern av Frankrike og Belgia, mens forsvaret av Holland og Jylland utgjorde tredje prioritet. Hitler var overtydd om at ein alliert landgang ville komme i Noreg. Totalt blei det bygt cirka 1500 batteri langs Atlanterhavsvollen, av desse låg ein femdel eller cirka 300 i Noreg.

Etter «Lofot-raidet» og «Måløy-raidet» i desember 1941 rekna Hitler med ein stor britisk landingsoperasjon våren 1942, og han heldt det for sannsynleg at tyngdepunktet kom til å liggje i Nord-Noreg. Nordverstarkung-programmet blei endeleg vedteke den 13. november 1942. Det innebar mellom anna å styrkje det langtrekkjande kystartilleriet ved viktige hamner og andre krigsviktige anlegg. Narvik var så viktig på grunn av malmtransporten at det blei stilt sju 40,6 cm kanonar til disposisjon for to marinebatteri. Desse blei delte mellom Engeløy og Trondenes, med høvesvis tre og fire kanonar. Kanonane på Trondenes dekte mellom anna heile Vågsfjordbassenget, Engeløybatteriet heile Vestfjorden i tillegg til ytre Ofotfjord.

Hovudbatteriet på Trondenes blei påbegynt i 1942. I løpet av våren og sommaren hadde det skjedd førebuande arbeid med vegar og kaianlegg. Under bygginga blei det sett opp dekningsbatteri på Kråkenes. Sør for kyrkja bygde ein ein spesiell kai med krane for lossing av dei tunge delane. Kaien er framleis i bruk, men landingssystemet for prammane blei fjerna etter krigen. Batteriet stod operativt med tre kanonar i mai 1943, mens den siste kanonen var klar i august same året. Arbeida med batteriet gjekk derimot føre seg heilt fram til kapitulasjonen.

Dei tunge tidlegare tyske kystforta er bygde rundt større skipskanonar som blei tilpassa ei plassering på land. For kanontypane brukte på Trondenes, blei det utarbeidd eigne typeteikningar av kanonbrønn med tilhøyrande bunkeranlegg. Kanonane er søkt skjulte i terrenget ved at mest mogleg av konstruksjonen er halden under bakkenivå. Kanonane blei styrte frå ein kommandoplass som tok imot informasjon frå tysk etterretning, radarstasjonen på anlegget, avstandsmålar og fleire observasjonspostar i området rundt forta. På dei større anlegga var kommandoplassen i fleire tilfelle plasserte eit stykke unna kanonane, slik at dei i dag ligg utanfor grensene til etablissementet.

På Trondenes hadde både kommandoplassen og radarstasjonen ei lokalisering innanfor det som er fortsområdet i dag, men bunkeren er i etterkrigstida blitt tilpassa ny bruk, og radaren er fjerna. Kanonrøyret er 20,3 meter langt, og granaten vog 1030 kg. Skotvidda med denne granaten var cirka 43 000 m, mens ein med ein lettare granat på 600 kg kunne skyte 56 000 m.

Dimensjonane til skytset og omfanget av resten av kanonane og nærforsvarsstillingane markerer kor viktig okkupasjonsmakta meinte innseglinga til Narvik og dette området var. Ein av kanonane er i stand til å køyrast og fungerer i dag som museum. Saman med Møvik og Austrått batteri er Trondenes det einaste tunge batteriet i Atlanterhavsvollen der skytset framleis er bevart. På Trondenes er alle dei fire kanonane som utgjorde hovudbatteriet, bevarte i stillingane sine, noko som er unikt, det same gjeld skytset 40,6 cm kaliber som dei einaste i sitt slag i Europa. Batteriet har derfor som heilskap stor verneverdi i nasjonal og internasjonal samanheng.