Forsvarsbygg

Kundetorg
Beboerservice
Utfør søk
www.nasjonalefestningsverk.no
www.skifte.no
 
Tilbake Utskrift
Forsvarsbyggs styre
Publisert av: Arve Rosland
Publisert: 21.08.2006 | Sist oppdater: 11.05.2010 

Oppnemning, samansetjing og funksjonstid for styret

Siri Bjerke. Foto: Helge AndersenDet er Forsvarsdepartementet som vel styret for Forsvarsbygg og fastset styregodtgjersla. Styret har leiar, nestleiar og sju medlemmer. Tre av medlemmene skal veljast av og blant dei tilsette.

Styremedlemmene blir valde for to kalenderår, men slik at halvparten av styremedlemmene berre blir oppnemnde for eitt år i første perioden. Styret skal setjast saman av personar med god erfaring frå styrearbeid, solid innsikt i eigedomsfaglege spørsmål og erfaring frå forretnings- og samfunnsmessig verksemd både frå privat og offentleg sektor.

Oppgåvene til styret

Der det ikkje er regulert på annan måte, skal oppgåvene til styret, forretningsordenen og saksbehandlinga følgje prinsippa som kjem fram i aksjelova § 6, kapittel II og III. Det er utforma ein eigen styreinstruks. Styret har ansvar for ei forsvarleg organisering av dei daglege forvaltings- og driftsoppgåvene ved bedrifta, medrekna personellforvaltinga, og skal sørgje for effektiv gjennomføring av den samla verksemda i samsvar med formåla og hovudoppgåvene til Forsvarsbygg.

Styret skal fastsetje budsjett for verksemda til Forsvarsbygg med grunnlag i rammer som Forsvarsdepartementet har gitt, og legg fram rekneskap og årsrapport til Forsvarsdepartementet. Styret tilset administrerande direktør med funksjonstid på seks år. Det er høve til fornya tilsetjing éin gong. Lønna blir fastsett av styret i samsvar med retningslinjene som gjeld for leiarlønningar i staten.

Forsvarsbyggs styre avvikles med virkning fra 1. oktober 2010

Forsvarsdepartementet har besluttet at Forsvarsbyggs styre skal avvikles med virkning fra 1. oktober.

Styret avvikles fordi det ikke lenger anses som hensiktsmessig for en organisasjon som Forsvarsbygg som er en integrert del av statens virksomhet.


 

 
Tips en bekjent:   
  Forsvarsbygg | Postboks 405 Sentrum, 0103 OSLO | Telefon: 815 70 400 | Telefaks: 23 09 78 03 | e-post: post@forsvarsbygg.no
Hjem