|
|
Moss lufthavn Rygge
Publisert av: Marion Pedersen
Publisert: 19.04.2007 | Sist oppdater: 01.12.2009 Sidan etableringa i 1954 har Rygge flystasjon vore driven som ein rein militær flyplass, men frå 14. februar 2008 blei han i tillegg opna som sivil lufthamn.
Sidan etableringa i 1954 har Rygge flystasjon vore driven som ein rein militær flyplass, men frå 14. februar 2008 blei han i tillegg opna som sivil lufthamn. På Rygge har samarbeid mellom det offentlege og private gitt Forsvaret ein moderne flystasjon i tillegg til at landsdelen har fått ein attraktiv sivil flyplass. Forsvarsbygg har som eigar, utbyggjar og driftar av dei militære bygga og anlegga på flyplassen hatt ei sentral rolle i dette historiske prosjektet. Støykartlegging ved Moss lufthavn Rygge (MLR) Forsvarsbygg gjennomfører no støytiltak for bustader i området. Onsdag 3. mai blei SINTEF-rapporten: "Flystøyberegninger for Moss lufthavn, Rygge. Støysonegrenser etter T-1442." gjort offentleg tilgjengeleg. Forsvarsbygg utarbeidde i tilknyting til offentleggjeringa av rapporten eit nyheitsbrev som blei distribuert til husstandar i Rygge og Råde kommunar. Begge desse dokumenta finn du nedanfor: Flystøyberegninger for Moss lufthavn, Rygge. Støysonegrenser etter T-1442 (30 MB)
Ofte stilte spørsmål, trykk her: I samband med utvida opningstid for den sivile verksemda ved Moss Lufthavn Rygge utarbeidde SINTEF denne rapporten: |
|||
|
|
|||
| Forsvarsbygg | Postboks 405 Sentrum, 0103 OSLO | Telefon: 815 70 400 | Telefaks: 23 09 78 03 | e-post: post@forsvarsbygg.no | |||