Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

KONFERANSE OM VERN OG SIKRING AV BYGG

Forsvarsbygg ved Nasjonalt kompetansesenter for sikring av bygg gjennomførte for andre år på rad konferanse om vern og sikring av bygg, med over 200 deltakarar. Hovudtemaa på konferansen var planlegging av sikringstiltak og erfaringar frå sikringsprosjekt. I opningstalen sin uttalte Frode Sjursen:

- Gjennom det Nasjonale kompetansesenteret for sikring av bygg (NKSB) som vart etablert for tre år sidan, har Forsvarsbygg eit spesielt ansvar for å vere i front nasjonalt med kompetanse knytt til vern og sikring av bygg, i tillegg til å tilby rådgjevingstenester til offentleg sektor som måtte ha sikringsbehov.

Deltakartalet viser at det er behov for ein fagleg konferanse av denne typen innanfor området vern og sikring av bygg. Vi planlegg derfor ein ny konferanse i oktober 2016.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.