Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Miljø i byggeprosjekter

Vi fremjar miljøvenlege bygg og effektiv drift.

Det er store miljøvinstar å hente i byggje- og eigedomsbransjen. Som ein av dei største eigedomsforvaltarane i landet er vi ein pådrivar og ein rollemodell for resten av næringa.

I dag skal alle relevante nybygg planleggjast og byggjast etter passivhusstandardane. Samstundes førebur ein seg på å levere bygg med tilnærma nullenerginivå frå 2018.

Dei siste åra har generalinspektøren for Hæren teke i bruk den fyrste kontorbygningen i Nord-Noreg bygd som passivhus, medan eit energiproduserandre bygg huser Forsvarets logistikkorganisasjon i Bergen.

Vi har skifta ut eit stort tal oljekjelar med blant anna varmepumper og bioenergianlegg. Dette gjev ei meir miljøvenleg oppvarming av bygningsmassen og utgjer ein monaleg reduksjon i det årlege utsleppet av CO2. I eksisterande bygg arbeider vi kontinuerleg med å redusere klimagassutslepp og energibruken i bygningsmassen. I tillegg til energieffektivitet blir det også stilt ei rekkje krav om bruk av miljøvenlege byggjematerialar i alle byggeprosjekt.

Les meir om miljøarbeidet vårt