Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

AUKA FOKUS PÅ ENERGILEIING

Når den største offentlege eigedomsforvaltaren i Noreg sparer straum, så gjer ein det i monn.

Forsvarsbygg har redusert energiforbruket tilsvarande Harstad kommune på tre år
Med auka fokus på energileiing, har Forsvarsbygg sidan 2012 redusert det totale straumforbruket med 90 GWh. Det er det same som 90 millionar kilowattimar, eller det gjennomsnittlege årsforbruket til ca. 4 650 norske husstandar.

– Målet vårt er å spare 93 GWh innan utgangen av 2016, og alt peikar mot at vi klarer dette med god margin, seier prosjektleder Emma Otervik i Forsvarsbygg sitt energileiingsprogram.

Bjøllesau
Som offentleg eigedomsaktør har Forsvarsbygg eit særleg ansvar for å vere ein bjøllesau i jakta på kilowattimar. Derfor er også målet på 93 GWh innan 2016 blant dei mest hårete i bransjen. Samtidig er tiltaka forholdsvis enkle.

– Over nitti prosent av reduksjonen har vi fått til ved å finjustere sentraldriftanlegg, installere varmegjenvinnarar med høg verknadsgrad, jobbe med riktig mengderegulering av vassboren varme og installere LED-lys der det er økonomisk forsvarleg, seier Otervik.

Dei resterande ti prosentane er oppnådde ved å endre haldningane til brukarane av bygga.

– Det er snakk om enkle grep som å skru av lyset, lukke dører og ikkje fyre for kråka. Dette har vi terpa dei militære leigetakarane våre på, og det gjev resultat, fortel Otervik.

Byggjer forsvarsevne
Forsvarsbygg sitt energileiingsprogram har hatt to fasar. Den fyrste gjekk frå 2007–2011 og reduserte forbruket med 100 GWh.

– Når fase to blir avslutta ved utgangen av 2016, vil vi ha redusert energiforbruket med nærare 30 prosent sidan starten, seier Otervik.

Engasjementet rundt energileiingsprogrammet har vore stort både i Forsvarsbygg og blant dei militære leigetakarane i Forsvaret.

– I kombinasjon med nødvendige rammer frå Forsvarsdepartementet og mykje støtte frå Enova har det vore mogleg å få dette til, seier Otervik.

– Enova er imponert over den jobben Forsvarsbygg har gjort. Resultatet viser kva det er mogleg å oppnå i ein organisasjon som har energi fremst i pannebrasken. Når ein så stor aktør går føre, viser dei også veg for andre byggeigarar. Skal vi nå lågutsleppssamfunnet er vi avhengige av fleire som Forsvarsbygg, seier fungerande marknadssjef for yrkesbygg i Enova, Magni Fossbakken.

Rundt rekna kan ein seie at 1 GWh spart, er det same som ein million kroner.

– Sidan 2007 har vi dermed sytt for at ca. 190 millionar har vorte frigjort til bruk i den spisse enden av Forsvaret, seier Otervik.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.