Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Heile skytefeltet skal gjennomsøkjast

Heile Hjerkinn skytefelt er no å rekne som rydda éin gong. Totalprosjektleiar Pål Skovli Henriksen i Forsvarsbygg Skifte eiendom er nøgd med framdrifta.

Eksplosivryddinga i 2016, med tradisjonell militær manngard, støtta av eksplosivekspertar frå Forsvaret, gjekk føre seg i totalt seks veker. Rundt 170 mannskap frå Forsvaret bidrog kvar veke. 

Rydda to gonger i løpet av 2017

Skovli Henriksen oppsummerer sesongen:

- I år søkte vi gjennom 40,7 km2, fann 368 blindgjengarar større enn 20 mm og 20,5 tonn metallskrot. Skytefeltet blir no rekna som søkt gjennom fullt ut éin gong og det står berre att 33 km2 før heile feltet er søkt gjennom to gonger. Totalt er det no søkt gjennom 340 km2, då ein del område også alt er søkte gjennom tre eller fleire gonger. Han held fram:

- Andre gongs søk er prioritert fullført i 2017. I tillegg vidarefører vi søka i dei områda der ein ut frå analysar ventar at det ligg att flest objekt. Denne typen søk er planlagt gjennomførte fram mot 2020.

Mange av funna i år var konsentrerte til eit lite område i Grisungdalen, som har vorte nytta som sprengingsfelt. -Det var derfor inga overrasking at vi fann relativt mange blindgjengarar i det området, opplyser han.

 - Det vil vere trygt å ferdast på Hjerkinn, sjølv om ein alltid, også etter at ryddinga er over, må ta enkelte forholdsreglar når ein ferdast i eit tidlegare militært skytefelt.

Gamle bygg fjerna 

I tillegg til eksplosivryddinga, har Forsvarsbygg i år også fjerna ei rekkje gamle observasjonspostar, administrasjonsbygg og skivebygg i det tidlegare skytefeltet.

-Til saman 11 bygg er rivne i løpet av året. Dessutan er dei aller siste arbeida ved den gamle testsletta (HFK) avslutta. Her har vi tilbakeført 1300 m med grøft og 300 m veg, og i tillegg utbetra ein gammal vasspegel i Stormyre. - Skytefeltet er på full fart tilbake til naturen, seier han. Neste år vil det framleis vere stor aktivitet med eksplosivrydding, attåt at arbeidet med å tilbakeføre fleire vegstrekningar vil ta til.

Forsvarets støtte til Forsvarsbygg og samarbeid med nokre av dei fremste miljøekspertane i Noreg dannar grunnlaget for ei best mogleg gjennomføring av dette unike naturrestaureringsprosjektet.

 

Hjerkinn

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.