Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Salgssuksess på Karljohansvern

Planen var riving. Men Skifte eiendom såg potensialet for store inntekter og omregulerte eigedomen. Det lønte seg.

Etter at Forsvaret forlét Vollmesterbrakka på Karljohansvern var planen riving, men saman med Horten kommune fekk Forsvarsbygg omregulert området til bruk for næring og bustad. Vollmesterbrakka vart seld med det same og til meir enn 3 millionar kroner over takst. I tillegg vart dei såkalla «brakkestokkane» seksjonerte ut til leilegheiter og lagde ut for sal. Over 300 personar kom på vising, og dei fem fyrste leilegheitene vart selde for over ein halv million over takst.

154 millionar kroner til Forsvaret si operative evne

I 2015 selde vi forsvarseigedom for 231 millionar kroner. Dette utgjorde i overkant av 37 000 kvadratmeter eigedom. Av dette salet vart 154 millionar kroner førte tilbake til sektoren, for å bidra til å styrkje Forsvaret si operative evne. 

-Skifte sitt resultat i 2015 vart sikra gjennom mange mindre sal. Sala på Karljohansvern er eit godt døme på korleis vi jobbar for å auke verdien på forsvarsporteføljen, seier Marit Jakobsen Leganger, direktør i Skifte eiendom.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.