Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Sessvollmoen

Sessvollmoen skyte- og øvingsfelt ligg på Noregs største isbreavsetting, og er eit område med heilt spesielle geologiske og landskapsmessige verdiar.

 

Sessvollmoen skyte- og øvingsfelt ligg i Ullensaker kommune. Feltet blei opphaveleg nytta som eksersisplass, og vart seinare bygd om til garnison.

Sessvollmoen, Svalbard og Grønland

Sessvollmoen ligg på Noregs største isbreavsetting, og lausmassane stammar frå den tida då innlandsinsen trakk seg tilbake. Området vert kalla Hauersetertrinnet, og ein må heilt til Grønland eller Svalbard for å oppleve liknande landskap. På grunn av dei spesielle landskapsformene er det satt av fleire landskapsvernområde og naturreservat.

Innanfor Sessvollmoen skyte- og øvingsfelt finn me Aurmoen landskapsvernområde med flygesanddyner, myrer, grytehullsjøar og daudisgroper. Området har i lengre tid vore nytta som øvingsområde for militære køyrety og dette har resultert i slitasje på dei sårbare sandformasjonane.

Grytehullsjøar og utrydningstruende arter

Av viktige enkeltverdiar kan ein nemne Aurtjern, som er det største og djupaste av dei fem grytehullsjøane i området. I 2010 vart det funne både spissnutefrosk og storsalamander i eit tjern like ved Aurtjern. I 2011 ble det påvist to lokaliteter med den kristisk trua (CR) rødknappsandbien like attmed Aurtjern, i samband med at det blei utarbeida eit faggrunnlag for arten. Både storsalamander og rødknappsandbie vil antagelig bli prioriterte artar.

I Aursmoen er det registrert fleire viktige biologiske verdiar som til dømes lerkefalk, toppdykkar, trelerke, tårnseglar og songlerke.

Elles kan ein finne sjeldne sopp, karplanter, Noregs giftigaste plante, selsnepe, og spillplassar for skogsfugl.

Skytefeltet er ope for allmenn ferdsle, men det er forbod mot køyring inne i Aurmoen landskapsvernområde.

Beliggenhet

Fakta

Etableringsår: 1955

Areal: 6 999 daa

Fylke: Akershus

Kommune: Ullensaker

Eieforhold: Eid og leid

Hovedaktivitet: Øvingsfelt for lette køyretøy og soldatar til fots. Skytebaneaktivitet.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.