Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Tilgjenge

Festningane er ikkje spesielt tilrettelagde for funksjonshemma, men arbeidet med å kartleggje og å finne løysingar for å betre tilgjenget er sett i gang.

Til Karljohansvern kan ein anten komme spaserande eller rullande gjennom den idylliske parken langs kanalen eller med bil til P-plassen like utanfor festningsmuren. Her ruslar ein berre over plenen til Lokalhistorisk Samling eller like inn bak festningsmuren der Marinemuseet og Preus Museum ligg.

Begge musea er blant dei beste i verda i sine sjangrar, og dei er heldigvis godt tilrettelagde for funksjonshemma. Her er heisar og toalett som gjer det lett å ta seg fram til opplevingane.

Guida turar vil bli spesielt tilrettelagde når det er handikappa i gruppa.

Tilkomstane til badeplassar er òg gode, men det er ikkje spesielle innretningar for tilkomst ut i sjøen for personar med rørslehemming.

Fant du det du lette etter?