Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kort om Møvik fort

Møvik fort blei bygt frå 1941 til 1944 av den tyske marinen og var saman med fire andre marinekystbatteri ein del av Artillerigruppe Kristiansand.

Fortet ligg åtte km vest for Kristiansand sentrum, ved Vestergabet, den vestlege innseglinga til Kristiansand. Fortet ligg i eit kupert, delvis ope skogsterreng på eit markant høgdedrag med utsyn over Skagerrak.

Det tyske namnet på anlegget var Batterie Vara. Møvik fort på norsk side var saman med eit systerbatteri i Hanstholm i Danmark bygt for å sperre Skagerrak og sjøvegen til Aust-Noreg, Kattegat, Austersjøen og Baltikum for allierte sjøstridskrefter.

Fortet har fire kanonstillingar med bunker – éin intakt kanon, to tomme kanonbrønnar og ein tom kasematt – som utgjer dei visuelle tyngdepunkta på fortsområdet.

Kanonen er ein av dei største i verda med sin 38 cm kaliber. Kanonløpet aleine veg 110 tonn og er nærmare 20 meter langt. Rekkjevidda er opp til 55 kilometer.

Fant du det du lette etter?