Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Tilgjenge

Festningane er ikkje spesielt tilrettelagde for funksjonshemma, men arbeidet med å kartleggje og å finne løysingar for å betre tilgjenget er sett i gang.

Fortsområdet på Møvik er ikkje generelt tilrettelagd for funksjonshemma. Likevel er det godt tilgjenge for for eksempel rullestolar og barnevogner fleire stader.

Beskriving av Festningsløypa

Løypa følgjer den nedlagde jernbanetraseen gjennom det militærhistoriske landskapet på fortsområdet. Hovudløypa er cirka 2,5 km lang og er eigna for barnevogn og rullestol på denne ruta (nummereringa er den same som Festningsløypa bruker):

Frå parkeringsplassen, inn på vegen og vidare oppover til 7 sambandsbunker, 6 smie, 8 mannskapsbrakke til 10 bunker/ammunisjonslager.

Herfrå har vestre løp godt tilgjenge heile vegen rundt yttersida av fortet til 24 kjøkken/mannskapsmesse. Traseen går vidare mot søraust ned til parkeringsplassen att.

Det er òg mogleg å ta to avstikkarar frå denne sløyfa: frå 24 kjøkken/mannskapsmesse ned til 26 mannskapsbrakke, og frå krysset ved 6 smie til 1 kanon I.

Andre delar har dårleg tilgjenge for rullestolar og barnevogner.

Museumskanonen

Godt tilgjenge fram til kanonen, der ein kan nyte utsikta og kikke ned i kanonbrønnen. Sjølve kanonbrønnen er vanskeleg tilgjengeleg og kan ikkje nåast med rullestol.

Kanonmuseet

Det er godt tilgjenge til museet, som ligg inne i kanonbunkeren. Vi anbefaler biltransport av rullestolbrukarar på grunn av bratt lende, dersom tilkomsten ikkje skjer via Festningsløypa. Inngangsdøra til museet er smal, så rullestolar/barnevogner kan ikkje vere for breie.

Museet er elles tilgjengeleg for vanlege rullestolar, men det er naudsynt med hjelp til å forsere ein høgare dørstokk.

Kasematten

Via Festningsløypa er det godt tilgjenge fram til kasematten, men plassen framfor er dekt med grovare grus som gjer det vanskeleg å ta seg fram. Dette er òg tilfellet på vegen mellom 1 Kanon I og kasematten. Det er derimot mogleg for funksjonshemma å bruke biltransport.

Fant du det du lette etter?