Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kortfattet historie

Tilhøvet til naboen vår i aust var framleis ganske spent etter unionsoppløysinga i 1905. Derfor blei De Stjørdalske og Værdalske befestninger bygde i åra 1908–13.

Etter unionsoppløysinga med Sverige måtte Noreg leggje ned grensefestningane sør for Kongsvinger. Våpna frå desse festningane blei etter 1905 disponerte til forsvar av Midt-Noreg. Derfor blei De Stjørdalske og Verdalske Befestninger bygde. Arbeidet blei påbegynt ved nyttår i 1909, og anlegga stod ferdige i 1911. Festningane ligg i Verdal kommune ved elva Inna.

Oppgåva til festningane

Hovudoppgåva til festningane var å yte motstand i første fase av eit eventuelt angrep på Noreg. Slik fekk ein nok tid til å mobilisere og disponere resten av styrkane. Søndre Galleri skulle dekkje vegen og terrenget austover mot Stormoen gard. Galleriet var utstyrt med ein «hurtigskytande» festningskanon, Schneider-Canet 7,5 cm og to Hotchkiss mitraljøser kaliber 6,5. Nordre Galleri var først sett opp med fire mitraljøser, og i 1913 blei det montert to 8,4 cm kanonar i galleriet.

Rehabilitering og gjenopning

Frå tidleg i 1990-åra har frivillige utført eit omfemnande arbeid for å gjere festningsanlegga tilgjengelege for publikum. Nordre Galleri blei gjenopna i juli 1996. Frå sommaren 2005 er Søndre Galleri, som det siste av anlegga innanfor De Verdalske Befestninger, òg ope for publikum.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.