Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ta omsyn

Fortet du no er på, er eit av dei 14 nasjonale festningsverka i Noreg, og det er eit nasjonalt kulturminne som vi ønskjer å ta vare på for seinare generasjonar.

Derfor er det viktig at du som oppheld deg her, har respekt for bygningane og uteområda, viser varsemd når du beveger deg rundt, og følgjer åtferdsreglane. Slik medverkar du til at alle får ei fin oppleving når dei besøkjer fortet.

Opplevinga av å vere på ein unik stad som Austrått fort kan fort bli øydelagd av forsøpling og utilsikta skadeverk. Det er derfor forbod mot bål heile året. Dette gjeld òg eingongsgrillar.

Bandtvang for hundar gjeld på fortet heile året.

Vi ber deg om å kaste alt søppel i dei oppsette søppelkassane.

Elles gjeld varsemdsføresegnene i friluftslova for ferdsel m.m.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.