Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Tilgjenge

Festningane er ikkje spesielt tilrettelagde for funksjonshemma, men arbeidet med å kartleggje og å finne løysingar for å betre tilgjenget er sett i gang.

På Austrått fort er det tilgjengeleg for funksjonshemma i museet i fjellhallene og fram til kanonen, men det er naudsynt med hjelp til å forsere tersklar.

Utstillingane er ikkje spesielt tilrettelagde for syns- og høyrslehemma. Sjølve kanonbrønnen, som er i fem etasjar med stigetrapper imellom, er vanskeleg tilgjengeleg og kan ikkje nåast med rullestol.

Utsikta framfor trippelkanonen er flott, og herfrå kan ein forstå kvifor denne kanonen blei plassert her i si tid.

Festningsløypa er i prinsippet tilgjengeleg for rullestolbrukarar, men det er nokre litt brattare parti der somme vil kunne trenge hjelp.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.