Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Historie og verneplan

Alt på slutten av 1600-talet var Fredrikstad omslutta av vollar. Etter at Noreg miste Bohuslän med Bohus festning til svenskane, blei Fredrikstad festning ein viktig forsyningsbase og saman med Halden ein grenseby mot aust.

Første byggjetrinn

Då Noreg miste Bohuslän med Bohus festning i 1658, blei Fredrikstad ein viktig grenseby. I 1663 starta bygginga av ei heilt ny festning etter teikningar av den nederlandske ingeniøroffiseren Willem Coucheron. Fredrikstad Festning blei den viktigaste forsyningsbasen og oppsetjingssstaden for hæren i Sør-Noreg.

Stjerneforma festningssystem

Fredrikstad er ein av tre byar i Noreg som har hatt eit festningsverk, og den einaste der festningsanlegget framleis er intakt. Fredrikstad festning blei bygd etter det gammal-nederlandske systemet, med breie vassfylte vollgraver og djupe jordvollar. Mot landsida har festninga tre heile og to halve bastionar, utstikkande stjernespissar med plass for kanonar.

I vollgravene ligg ravelinene og utanfor hovudfestning framskotne anlegg som Kongsten fort. Mot elva har festningsverka ein solid gråsteinsmur forsterka med jordvollar. Inngangen til festninga var over vindelbrua og gjennom vollporten eller gjennom ein av portane mot kaianlegga ved Glomma.

Inga ærefull militærhistorie

I motsetnad til Fredriksten Festning ved Halden har Fredrikstad festning inga ærerik historie. Berre ein gong blei festninga angripen, i august 1814. Festninga var då gammal, i dårleg forfatning og svakt bemanna. Det tok berre kronprins Karl Johan Bernadotte nokre timars bombardement før festninga overgav seg. Samstundes var det framforhandla ein fredsavtale på Moss, som Karl Johan signerte i krigshovudkvarteret sitt i Fredrikstad.

Festninga blei lagd ned i 1903, men Gamlebyen heldt fram som garnisonsstad fram til 2002, då dei siste soldatane marsjerte ut. Etter nedlegginga er alle dei militære bygningane tekne i bruk til nye verksemder, og den gamle festningsbyen er framleis eit høgst levande bysamfunn.

Foreningen Gamle Fredrikstad og Gamlebyutvalget

Gjennom Foreningen Gamle Fredrikstad og Gamlebyutvalget har det vore eit nært samarbeid mellom Forsvaret og folket i Gamlebyen.

Fredrikstad kommune har hatt eit eiget «etterbruksutval» som har gitt anbefalingar om framtidig bruk av bygningsmassen til Forsvaret i gamlebyen. Utvalet tilrår at det blir satsa innanfor områda kultur og kompetansebygging.

Verneplan

Se verneplan Fredrikstad festning

Verneplanen er ein reiskap i forvaltninga av festningane og skal vere ein grunnleggjande premiss for alle planar som blir utarbeidde for anlegget, det vil seie både overordna planar og detaljerte planar for vedlikehald, skjøtsel, restaurering og istandsetjing.

 

Vi håper verneplanen vil by på nokre nye innsikter i historia til dei viktigaste militærhistoriske kulturminna i landet.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.