Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Historie og verneplan

I 1750 bestemte Kong Fredrik V av Danmark/Noreg seg for å byggje Fredriksvern verft i Stavern. Dei fleste bygningane og festningsverka var ferdige alt i 1758.

Verftet er sterkt påverka av dansk arkitektur. Av dei opphavlege bygningane står i dag kommandantbustaden, vaktstova, to smier, bustaden til smeden, magasin, to proviantmagasin, sjaluppskuret, galeiskura og kruthuset.

I 1758 var størstedelen av verftet ferdigbygd med vollar og graver rundt, og utanfor vollane blei det bygt garnisonskyrkje, kyrkjegard og bustader.

I 1814 blei verftet hovudstasjon for den norske flåten. Sjøkadettinstituttet blei flytt til Karljohansvern i 1864, og Fredriksvern verft blei lagd ned i 1896 som ei følgje av vedtaket i Stortinget om å gjere verftet om til øvingsplass for Krigsskolen. Verftet har seinare hust Luftvernregimentet (seinare Luftforsvarets skolesenter Stavern).

Nedlegging av militær aktivitet

Som følgje av omstillinga av Forsvaret omtalt i Stortingsproposisjon nr. 45 opphøyrde all militær aktivitet på Fredriksvern verft i løpet av 2002. Forsvarsbygg tok over eigaransvaret og inngjekk i april 2002 leigeavtale med Justis- og politidirektoratet om bruk av brorparten av det tidlegare militære etablissementet.

Verneplan

Se verneplan Fredriksvern verft

Verneplanen er ein reiskap i forvaltninga av festningane og skal vere ein grunnleggjande premiss for alle planar som blir utarbeidde for anlegget, det vil seie både overordna planar og detaljerte planar for vedlikehald, skjøtsel, restaurering og istandsetjing.

 

Vi håper verneplanen vil by på nokre nye innsikter i historia til dei viktigaste militærhistoriske kulturminna i landet.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.