Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Tilgjenge

Festningane er ikkje spesielt tilrettelagde for funksjonshemma, men arbeidet med å kartleggje og å finne løysingar for å betre tilgjenget er sett i gang.

Ei gruppe med representantar frå Trondheim kommune og Handikapforbundet kartla i 2007 attraksjonar og hotell i Trondheim og området rundt for å sjekke om dei var tilgjengelege for rullestolbrukarar.

Hegra festning kom gjennom nålauget og fekk godkjenning til å bruke symbolet for «Tilgjengeleg for rullestolbrukar med følgje av hjelpar».

Museet (1. etasje), kafeteriaen, toalett og nokre tunnelar er tilgjengelege med rullestol. Minibuss kan køyre heilt opp til kafeteriaen, museet og festningsporten.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.