Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Historie og verneplan

Kristiansten festning tronar over Trondheim sentrum og er ein viktig del av rekreasjonsområda i byen.

Kristiansten festning blei påbegynt i 1681 og er seinare forsterka. Frå høgda aust for sentrum kunne dei militære styrkane kontrollere tilkomsten til byen og støtte dei opne forsvarsverka langs Nidelven.

Donjonen – kanontårn

Kristiansten festning har eit sentralt kanontårn, Donjonen, i fire etasjar med skyteskår med kringliggjande vollmurar med deknings- og ammunisjonsrom. Donjonen er i dag tilgjengeleg for publikum som forsvarsmuseum under leiing av Rustkammeret.

Innanfor murane ligg det òg ein kommandantbustad, der det blir drive enkel kafédrift.

Rett utanfor hovudporten ligg Haubitzmagasinet frå 1916. Magasinet blir i dag brukt som lager, og det er etablert publikumstoalett i bygningen.

Festningsvollmurane, Donjonen, kommandantbustaden og kasemattane blei sette i stand i samband med 1000-årsmarkeringa til byen i 1997. Éin av kasemattane er gjord om til kapell.

Kulturell arena

Kristiansten festning er viktig for Trondheim by som identitetsskapande område med store miljøkvalitetar. Kristiansten festning blir ofte brukt til ulike kulturelle arrangement og er flittig brukt av innbyggjarane i byen som friluftsområde. Gjennom å tilføre nye kulturverksemder og utvide serveringsverksemda vil området kunne bli endå meir attraktivt.

Fortterrenget til Kristiansten festning eksisterer framleis, og det blir i dag brukt som arena for organisert og uorganisert verksemd. Det er viktig at dette området blir bevart mest mogleg ope for å sikre verknaden av festninga i landskapet.

Eigedommen til Forsvaret inkluderer òg eit område som tidlegare blei brukt til befalsutdanning i Forsvaret. Skolen har ein større murbygning frå 1901 som opphavleg var underoffiserskole, men som i dag blir brukt til administrasjon og undervisning.

Verneplan

Se verneplan Kristiansten festning

Verneplanen er ein reiskap i forvaltninga av festningane og skal vere ein grunnleggjande premiss for alle planar som blir utarbeidde for anlegget, det vil seie både overordna planar og detaljerte planar for vedlikehald, skjøtsel, restaurering og istandsetjing.

 

Vi håper verneplanen vil by på nokre nye innsikter i historia til dei viktigaste militærhistoriske kulturminna i landet.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.