Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Historie og verneplan

Vardøhus har aldri vore noko sterkt militært anlegg, men symbolverdien som «flaggpost mot aust» har alltid vore viktig.

Vardøhus festning, forma som ei åttekanta stjerne, blei opphavleg bygd for å markere suvereniteten til Danmark-Noreg i nordområda og for å sikre nærforsvaret av Vardø. Det som i dag er Vardøhus, er det siste av tre festningsverk i området og har med det tradisjonar heilt tilbake til styringstida til Håkon V Magnusson (tidleg 1300-tal).

Den første Vardøhus festning blei grunnlagd av Håkon V Magnusson i 1302–1307. I 1734–1738 blei den noverande festninga på Stegetneset på den sørvestre delen av øya bygd.

Festninga som står i dag, blei bygd under heller kummerlege tilhøve mellom 1734 og 1738, av 40 «gemeene knekter» av Bergens garnisonskompani, etter kvart forsterka med 50 mann av det Trondhjemske garnisonskompani. Arbeidet blei leidd av ingeniørkaptein Michael Jansen Sundt, som òg hadde teikna festninga og bygningane.

Internasjonal militær byggjestil

Festninga representerer ein internasjonal militær byggjestil, tillempa tilhøva på staden. Husa inne i stjerneskansen var opphavleg kommandantbustad, corps de garde, proviant- og materialhus, bryggjar- og bakarhus, brakke for garnisonen, kruthus og brønn. Kruthuset er den einaste av dei opphavlege bygningane som framleis står uendra. Dei andre er i løpet av åra dels blitt ombygde, dels erstatta. Dei fleste om- og tilbyggingane fann stad under Napoleonskrigane 1807–1814.

Reetablert i 1800

På 1790-talet var festninga så forfallen at det ville kostet store summar å utbetre henne. Då den utanrikspolitiske situasjonen dessutan blei vurdert som stabil, blei festninga lagd ned i 1793. På grunn av omfemnande russiske herjingar på Finnmarkskysten blei ho reetablert i 1800. Ved reetableringa hadde festningsmurane teke til å rase ut. Byggingsarbeida blei likevel prioriterte framfor arbeidet med festningsmurane. I 1808 blei det etablert eit batteri på Gullringneset, av gråsteinsmurar med brystvern av torv og jord. Batteriet innebar ei stor betring av forsvarsevna til festninga.

29. februar 1808 var Danmark-Noreg i krig med både Sverige og England. I 1809 slo engelske kaperfartøy til mot Finnmarkskysten. Hammerfest blei plyndra, før kursen blei sett mot Vardø. Då kanonbriggane kom inn mot byen, opna festninga eld. Dette kom uventa på angriparen, som bøygde av.

Overført til Marinen

Med utviklinga av artilleriet etter hundreårsskiftet blei ikkje Vardøhus lenger like viktig som forsvarsverk. Den raskt veksande antimilitaristiske arbeidarrørsla i Vardø ivra for at Vardøhus burde leggjast ned som festning fordi ho ikkje lenger hadde nokon militær funksjon. I 1933 blei festninga overført til Marinen og «stilt i reserve».

Vardøhus under den andre verdskrigen

Då kommandanten på Vardøhus blei arrestert den 9. november 1940, hadde festninga vist det norske flagget lenger enn noko anna militært etablissement i Noreg.

Festninga blei under krigen brukt til forlegning for dei nyetablerte kystbatteria på Vårberget og Skagen. 23. august 1944 blei Vardø bomba av mellom 50 og 60 russiske fly. 122 hus blei totalskadde. Men då tyskarane evakuerte byen, skjedde det i eit slikt hastverk at øydeleggingane ikkje blei altomfemnande. Batteria på Skagen og Vårberget blei demolerte, men festninga fekk stå. Bygningsmassen var derimot i miserabel stand. Festninga fungerte som fengsel for landssvikdømde frå 1945 til 1947, då militært personell kom tilbake på festninga att. Etter den tida har det vore beordra kommandant og nokre få meinige til festninga.

Kongestokken

I dag høyrer Vardøhus festning til Kysteskadren. På det stjerneforma festningsanlegget finst det mange gjenstandar og måleri som kastar lys over historia til festninga. Blant gjenstandane er Kongestokken, ein eikestokk der fleire av kongane våre har rissa inn namnet sitt.

Symbolverdi

Vardøhus har aldri vore noko sterkt militært anlegg. Likevel har symbolverdien som «flaggposten mot aust» vore viktig. Myten om at Vardøhus aldri har vore i kamp, er feil. 4. juni 1940 blei Vardø radio angripen av eit tysk fly. Eldgiving frå festninga skadde flyet, såra navigatøren og redda truleg radiostasjonen. Festninga var under norsk kommando heilt til seinhausten 1940 og var den siste delen av Noreg som blei okkupert under den andre verdskrigen.

I dag er det ein kommandant og fire soldatar på Vardøhus festning. Flagget blir heist kvar dag. Festninga har ikkje lenger fysisk kampverdi, men som den einaste saluttpliktige avdelinga i Nord-Noreg skyt festninga salutt på 17. mai, 7. juni og på alle kongelege fødselsdagar.

Solsalutten

Solsalutten frå Vardøhus festning er eineståande. Når solskiva for første gong kvart år kan sjåast frå festningsvollen, blir det fyrt av to skot. Då får alle elevane på skolane i Vardø fri resten av dagen.

Verneplan

Se verneplan Vardøhus festning

Verneplanen er ein reiskap i forvaltninga av festningane og skal vere ein grunnleggjande premiss for alle planar som blir utarbeidde for anlegget, det vil seie både overordna planar og detaljerte planar for vedlikehald, skjøtsel, restaurering og istandsetjing.

 

Vi håper verneplanen vil by på nokre nye innsikter i historia til dei viktigaste militærhistoriske kulturminna i landet.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.