Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Grete Rasmussen - Fagleder, Miljøavdelingen

– Eg er forskar av utdanning og legning. For å trivast må eg få nytta den faglege bakgrunnen og kreativiteten min. Det får eg alle moglegheiter til her i Forsvarsbygg, seier Grete Rasmussen.

Rasmussen er seniorrådgjevar i miljøavdelinga. Her arbeider ho i faggruppa for forureina grunn og vatn.

– Dette er eit viktig kompetanseområde i Forsvarsbygg. Både skyteøvingar og andre av Forsvaret sine aktivitetar kan føre med seg at grunn og vatn vert forureina. Vi vet i dag mykje meir enn før om korleis forureining skjer, kva den består i og korleis vi kan førebyggje og avgrense den. Vi arbeider både med dei områda Forsvaret nyttar i dag og areal som skal avhendast. Når Forsvaret sel ein eigedom skal kjøpar vere trygg på at den er forsvarleg miljøsanert. Det er vi med på å sikre, fortel ho.

Nybrottsarbeid

Grete Rasmussen har ein doktorgrad i miljøteknologi, og har tidlegare jobberfaring frå Jordforsk (no ein del av Bioforsk). Ho kjenner at ho verkeleg får nytta kompetansen sin i Forsvarsbygg.

– Mykje av det vi held på med er fagleg nybrottsarbeid. Vi utviklar ny tenking og nye standardar på dette området. Og det er ikkje nok å kartleggje og analysere. Vi må også lage nye løysingar, ikkje minst sidan Forsvaret stadig prøver ut nye typar våpen og ammunisjon. For ei forskarsjel som meg er dette veldig stimulerande. Samtidig kjennest det meiningsfullt å bidra til at Forsvaret sine aktivitetar påverkar miljøet minst mogleg, seier ho.

Internasjonal kontaktflate

Grete Rasmussen set også pris på moglegheitene jobben gir til å knyte internasjonale kontaktar.

– Eg møter jevnleg kollegaer som arbeider på tilsvarande områder i andre NATO- og -partner land. Vi står overfor mange av dei same utfordringene og har mykje å lære av kvarandre. Dette kjem i tillegg til den store grenseflata vi har med omkringliggjande miljø her i landet, mellom anna i Forsvaret og Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI).

Profesjonell leiarutvikling

Grete Rasmussen har vore med på Forsvarsbygg sitt talentprogram. Der har ho fått styrkt sin kompetanse innan mellom anna leiing og økonomi.

– For meg har dette vore ei stor kjelde både til fagleg og personlig utvikling, og eit døme på at Forsvarsbygg satsar seriøst og profesjonelt på leiarutvikling. Vi vert tilbydd kurs på mange ulike område, og kan også hospitere utanfor Forsvarsbygg. Har du noko å bidra med av fagleg verdi, vert det satsa på deg. Det er ein av mange grunnar til at eg stortrivst i Forsvarsbygg, avsluttar Grete Rasmussen.

Fant du det du lette etter?