Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Miljø i bygg

Vi jobbar kontinuerleg med å redusera ressursbruken til sektoren, bruken av energi og utslepp av klimagassar.

Energieffektive bygg
Satsinga vår på energieffektive bygg og energileiing er avgjerande for at forsvarssektoren skal nå målet om å redusere energibruken i bygg med 30 prosent frå 2008 ― 2016. I dag skal alle relevante nybygg planleggjast og byggjast etter passivhusstandardane. I 2015 leverte vi på Haakonsvern forsvarssektorens første bygg med tilnærma netto null energiforbruk.

Avfall og renovasjon
Når vi byggjer nybygg og rehabiliterer eksisterande bygg blir det mykje avfall som må sorterast. Det same gjeld avfall frå rive- og oppryddingsprosjekt ved sanering av naturområde og skyte- og øvingsfelt (SØF).

Bruk av bygg gjer også avfall som må sorterast og gjenvinnast. Vi legg til rette for at leigetakarane våre kan sortere, og er rådgjevar for forsvarssektoren på utvikling av gode miljøstasjonar og løysingar som gjer jobben enklare. God sortering krev også at vi driv haldningsskapande arbeid i heile forsvarssektoren.

Lågare CO2-utslepp
Å redusere CO2-utslepp frå oppvarming med olje er eit viktig mål for oss. Forsvarsbygg har i fleire år arbeidd med å konvertere store oljefyrte fyrhus til meir miljøvenlege alternativ. Det blir også arbeidd med å konvertere energiberarar frå fossilt brensel til meir miljøvenlege energiberarar som bio og varmepumper.

Her kan du lese dei årlege miljøutgreiingane til Forsvarsbygg.  

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.