Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Rauer

Rauer er ei øy i Oslofjorden, og er kanskje mest kjend for å vere ein del av kystforta som utgjorde Ytre Oslofjord festning. Rauøy fort hadde ei viktig rolle i senkinga av Blücher natt til 9.april, 1940.

Rauer ligg like utanfor Engelsviken ved Fredrikstad. Rauer kystfort er no lagt ned, men øya vart framleis nytta av Forsvaret til ulike øvingsformål.

Urørt perle

Ilandstigningsforbud og den avgrensa aktiviteten i dag er grunnar til at Rauøy kanskje er ei av dei mest urørte og unike av øyene i Oslofjorden. Øya har spesiell geologi med den sjeldne bergarten rombeporfyrkonglomerat, og dette saman med klimaet i Oslofjordområdet er eit svært godt utgangspunkt for stort mangfald av planter og insekt.

Store delar av øya er definert som naturreservat på grunn av den sjeldne floraen her, og sandstrendene ligg som urørte perler ut mot Oslofjorden. Det er knyta militær forbodssone til øya, noko som inneber at folk og båtar ikkje har lov å kome nærare land enn 50m.

Stort mangfald

Ein del av øvingane på Rauer går ut på å navigere gjennom buskar og kratt, og Forsvaret ynskjer difor at området skal vere mest mogeleg naturleg. Dette kombinert med at strendene har ilandstigningsforbod gjer at Rauer antageleg er den plassen i Noreg med høgst antal rødlista arter. Her finn vi alt fra maurløve og andre arter knytta til urørde sandstrender til sjeldne insekt i gamle, hule eiker og hekkande rovfugl, som treng å vere i ro, til eit vrimmel av sjeldne sommerfuglar på engene. Mange av desse artane har forsvunne frå andre lokaliteter pga hytteutbygging og strandliv.

I Fylkesmannens rapport fra 2003 står det at cirka 80 nasjonalt raudlista arter er registrert, derav 2 lav, 4 moser, 6 karplanter, 3 øyenstikkere, 19 biller og 42 sommerfuglar. I tillegg inngår 15 regionalt raudlista lav, cirka 14 karplanter og 14 sommerfuglar. Sommaren 2013 arrangerar SABIMA (Samarbeidsrådet for biologisk mangfold) biologisk kartlegging på Rauer. Det blir spanande å sjå kva resultatet er 10 år seinere med nye raudlister og prioriteringar.

Ikkje alltid berre idyll

Det at område er lite skjøtta har òg førd med seg arter vi ikkje er like glade i. Det var tidlegare ein stor elgbestand her. Elgen kom symjande over fjorden frå Østfold-sida, og som blindpassasjerar på denne karavanen kom òg flåtten. Flåtten hadde gode tider på Rauer, og historiene var mange om soldatar som etter øving måtte saumfare kvarandre og finne opp til førti flått på ein person! Når i tillegg det vart kjend at flått kunne spreie borrelia-smitte blei det avgjort at tiltak måtte settast i verk for å redusere og helst utrydde denne plagsame og potensielt farlege smitteberaren.

Men korleis skulle ein få bukt med problemet? Vertsdyret, elgen, var for så vidt ikkje ein naturleg del av faunaen på øya, men sidan det ikkje var særleg konkurranse om mattilgangen eller naturlege predatorar her ute vaks bestanden raskt. Folkehelseinstituttet gjekk difor inn for å utrydde elgen her i eit forsøk på å fjerne grunnlaget for flåtten. Prosjektet gjekk over ein 4-års periode, og i 2004 kunne NRK melde at resultata så langt var positive, om enn metoden kunne verke noko brutal.

Foto: Alle bildene på denne siden er tatt av Jan Ingar Båtvik. Bildene er ikke lov å kopiere uten hans tillatelse.

Beliggenhet

Fakta

Etableringsår: Festningsartilleri etablert i 1913

Areal: 3 030 daa

Fylke: Østfold

Kommune: Fredrikstad

Eigarforhold: Forsvaret er grunneigar

Hovudaktivitet: Anlegget vert brukt av Forsvaret til ulike typar øvings- og treningsaktivitet.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.