Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

slik ryddar vi skyte- og øvingsfelt

Vi skal miljøsanere fleire skyte- og øvingsfelt som Forsvaret ikkje har bruk for lenger. Regjeringa har løyvd øyremerkte midlar til føremålet. Miljøsanering av utrangerte forsvarseigedomar er ein sentral del av verksemda vår.

Prosjektet for miljøsanering av skyte- og øvingsfelt (SØF) er delt inn i to ulike fasar.

Fase 1:

Skifte eigedom har fått 93 millionar kroner som skal dekkje kostnadene for 14 skyte- og øvingsfelt. Det dreier seg om rydding av mellom 15 000 og 25 000 kubikk forureina massar, avhengig av oppryddingskriteriet. Felta inneheld mykje myr og torvhaldige massar.

Fase 2:

Det er løyvd 193 millionar kroner som skal dekkje kostnadene til sanering av 10 nye felt. Arbeidet vil innebere oppgraving, bortkøyring og deponering av mellom 1 000 og 30 000 kubikk forureina sand- og jordmassar. Behandling av 6 000 av i alt 14 000 kubikk myrmassar kjem i tillegg til dette.

Prosjektet skal etter planen vere ferdig i løpet av 2018.

Tiltak:

  • Forureining og andre spor etter verksemda til Forsvaret skal fjernast, og områda skal førast attende til den stand dei opphavleg var i så langt det er føremålstenleg. Dette inneber mellom anna:
  • Fjerning og deponering av masse som inneheld meir tungmetall enn det dei stadsspesifikke akseptkriteria til Statens forureiningstilsyn tillet i jordsmonn.
  • Dei fjerna massane vil bli delvis erstatta med ny masse, arronderte i høve til terrenget rundt og revegeterte.
  • Riving og opprydding av bygningar og konstruksjonar.
  • Bevaring av spor etter byggverk med kulturhistorisk verdi.

Kvar kjem forureininga frå?

Forureininga er hovudsakleg tungmetall så som bly, kopar, sink og antimon frå prosjektil.

Fant du det du lette etter?