Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Frå skytefelt til friluftsområde

Avgrunnsdalen er eit mindre skytefelt på ca. 690 dekar som ligg på Hurum like utanfor Oslo. Feltet som tidlegare inneheldt fleire skytebaner, vart sist brukt av Forsvaret i 2003. Arbeidet med å miljøsanere feltet vart avslutta i 2014, og i 2015 vart eigedomen seld til Hurum kommune.

Både Sjøforsvaret og Heimevernet har brukt Avgrunnsdalen skyte- og øvingsfelt til grunnleggjande skytetrening med handvåpen, mitraljøser og panservernvåpen. Feltet låg i ein trong dal med bratte sider, og ein del av målområdet låg i myr. FFI og Forsvarsbygg tok prøver og gjorde forsøk i området, og det vart avdekt at det lak ut tungmetall frå feltet. Nokre område var sterkt prega av bruken. Samtidig var eigedomen viktig som friluftsområde for lokalbefolkninga.

Miljøsanert 

Forsvarsbygg starta arbeidet med å miljøsanere skyte- og øvingsfeltet våren 2013, eit arbeid som vart avslutta seinhausten 2014. Øvre del av eigedomen (stripskytebana) vart sanert til friluftsføremål, og på den nedre delen av eigedomen (PVRK-bane) vart både ureining og granatar fjerna.

Seld

Våren 2015 takka Hurum kommune ja til å kjøpe eigedomen til 1,5 mill., og eigedomen vart overlevert frå Forsvarsbygg til kommunen juni 2015. Eigedomen skal framleis brukast som friluftsområde for lokalbefolkninga.

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.