Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Haugtuva i Melbu

Skytefeltet Haugtuva i Melbu i Vesterålen blei oppretta på 1950-talet og brukt til feltøvingar for Heimevernet i kring 50 år. Feltet består av to skytebaner og seks feltbaner, og området har blitt brukt til skyting med handvåpen.

Storleik og eigarskap
Feltet er 5 105 dekar stort. Av dette er 145 dekar leigd grunn, medan dei andre 4 960 dekara blir disponerte gjennom servituttar.

Forureining og omfanget av/behovet for rydding
Vi planlegg å fjerne ein del svært ureina massar. Omfanget av saneringa vil kome an på kor vidt det framleis skal vere sivil skytebaneaktivitet der i framtida.

Elles skal målmateriell fjernast, og farlege stillingar og graver skal sikrast.

Framdrift/prosess
Vi gjennomførte utvida prøvetaking på Melbu Haugtuva i juni 2010, og ein førebels tiltaksplan blei utarbeidd i 2011. Det skal etter planen gjerast tiltak på skytebanene i 2015, og høyrings- og søknadsprosessen vil difor starte i 2014.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.