Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Rydding og utvikling på Huseby

Forsvarsbygg hadde ansvaret for gjennomføring av fleire av tiltaka, som er felt ned i rekkefølgjebestemmingar til reguleringsvedtaket for ambassadetomten i Husebyskogen.

 

Bakgrunn
USAs ambassade inngjekk ein avtale med Forsvarsbygg om å kjøpa eigedom på Huseby i 2004. Avtalen føresette at tomta vart regulert om til ambassadeføremål. Kjøpesummen var på 80 millionar kronar.

I desember 2008 vart det inngått ein tilleggsavtale til denne, som blant anna innebar ein nærare avklaring av ansvar og kostnad for å gjennomføre kommunens krav til tiltak for å kompensera for bortfall av friområdet (dei såkalla rekkefølgjebestemmingane). 

Kompensatoriske tiltak
De kompensatoriske tiltaka, som er felt ned i rekkefølgjebestemmingane reguleringsvedtaket for ambassadetomta i Husebyskogen, er bestemmingar frå Oslo kommune. Det er ikkje Forsvarsbygg som har føreslege desse tiltaka, men gjennom forhandlingar med kjøpar av ambassadetomta har Forsvarsbygg tatt på seg ansvar for å gjennomføre enkelte av oppgåvene som følgjer av bestemmingane frå Oslo kommune.

 Foto: Forsvarsbygg/ Spor Arkitekter

 

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.