Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

2400 tonn gift fjerna frå Hysnes hamn

Arbeidet med reinska opp ved Hysnes hamn i Rissa er ferdig. Totalt er 2400 tonn miljøgift fjerna frå sjøbotnen.

Mange år med militær aktivitet har ført til mykje forureining i sjøen. Arbeidet med å fjerna dei forureina massane var eit samarbeidsprosjekt mellom Forsvarsbygg og Rissa kommune.

Totalt er 5000 kvadratmeter sjøbotn mudra, og dei forureina massane er frakta til eit godkjent deponi. 

– Vi har i hovudsak fjerna miljøgiftene PAH, PCB og kvikksølv. Totalt har vi fjerna 2400 tonn med forureina massar frå sjøbotnen, seier prosjektleiar Pål Arnkvær i Forsvarsbygg.

Forsvaret har nytta hamna sidan tidlig på 1900-talet som ein del av det norske kystartilleriet. I 2001 avvikla dei si verksemd i Hysnes hamn. Forsvarsbygg har ansvaret for opprydding av miljøforureining etter Forsvarets aktivitet. 

– Vi i Forsvarsbygg tar miljø på største alvor. Det inneber grundig kartlegging av miljøsituasjonen og effektiv miljøsanering når det er naudsynt seier Arnkværn.

Samarbeidsprosjekt med Rissa kommune
Sidan kommunen allereie hadde planar om å utføre mudringsarbeid øst i hamna, har ein valt å utføre både kommunens og Forsvarsbyggs arbeid i ein operasjon. 

– Vi inngjekk en samarbeidsavtale om å utføre mudringsarbeidet i fellesskap. Dermed sikra vi effektivt arbeid, reduksjon i kostnadane og minst mulig belasting for lokale omgjevnader, seier Arnkværn. Framtidig arealbruk vil vere småbåthamn og kai for hurtigbåt.

Miljøkartlegging
Forsvarsbygg utførde sedimentprøvetakingar, miljøtekniske kartleggingar og risikovurderingar av et hamneareal på 5 000 kvadratmeter i 2011 og 2012.  Resultatet av kartlegginga viste at det er naudsynt å gjennomføre tiltak i eit areal tilsvarande 3 000 kvadratmeter, primært retta mot miljøgiftene kvikksølv, PAH16 og PCB7. Tiltaka som vart gjennomført var godkjent av Fylkesmannen i Sør Trøndelag.  Entreprenøren Seabed vart leigd inn til å utføre arbeida.

 

Fant du det du lette etter?