Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kjoselvdalen

Forsvaret sin aktivitet på skytebanen i Kjoselvdalen er historie, og vi har sanert skytebanen, som ligg 8 kilometer utanfor Tromsø sentrum. Etter synfaring og kartlegging sommaren 2011 fann vi ut at skyteaktiviteten hadde generert ein del ureining som måtte sanerast før ein kunne tillate annan etterbruk av området.

På vårt oppdrag gjennomførte COWI AS ei miljøteknisk kartlegging av Kjoselvdalen skytebane i Tromsø kommune sommaren 2011. Kartlegginga blei gjort ved at ein tok ut overflateprøver frå baneløpet, kulefangarvollen og terrenget bakanfor. Dessutan blei det grave sjakter ved bruk av spade og jordbor i kulefangarvollen og blenderingsvollar, der det er gjort målingar i ulike djupner. Resultata viste at ein stor del av massane lå i tilstandsklasse 4 etter klassifiseringssystemet til Klif. I tillegg fanst det nokre stader massar som må klassifiserast som farleg avfall.

Kjoselvdalen skytebane var tidlegare ein del av Grøtsund Fort, som låg under Olavsvern marinebase. Den 200 meters gevær- og feltskytebana har vore i bruk sidan 50- og 60-talet, og har blitt brukt av Forsvaret, Norske Reserveoffiserers Forening, Kystvakta, Polarinstituttet, politiet og Troms Skytterlag.

Fant du det du lette etter?