Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Nedrebøheia skyte- og øvingsfelt

Tiltaket ved Nedrebøheia skyte- og øvingsfelt blei avslutta med ei sluttsynfaring den 6. juni 2012.

Vi  har eit mål om at det ikkje skal finnast forureining på eigedomane vi avhendar. Dersom vi finn forureining, ryddar vi opp før vi sel.

Entreprenør Kartevoll AS stod for tiltaket, som hovudsakleg innebar sanering av to målområde for handvåpenskyting på Faurefjellet i Bjerkreim kommune. Om lag 240 tonn massar, for det meste torv, blei transportert til avfallsdeponi. Her blir massane sorterte og reinsa før dei eventuelt blir brende.

Klif gav løyve til tiltaket i september 2011. Allereie to veker etter at arbeidet blei avslutta spirer og gror det godt, og ein reknar med at naturen fort vil revegetere tiltaksområda.

Dette todelte feltet blei oppretta på 1970- og 1980-talet. Den minste delen, som blei kalla "Kompanitunet", blei avvikla allereie i 1996. Den største delen av feltet inneheld ulike typar skyte- og øvingsbaner, som m.a. Heimevernet har brukt til skyteøving i kring 20 år.

Forsvaret leiger heile området, som totalt er på 8 941 dekar.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.